Luster kommune søkjer trainee: sjukepleiar

Luster kommune ligg inst i Sognefjorden, har om lag 5.200 innbyggjarar og er ein av dei største kommunane i Sør-Noreg. Me har tre nasjonalparkar, verdsarven Urnes stavkyrkje, vakker natur og svært gode vilkår for friluftsliv. Næringslivet er variert - frå tradisjonelt landbruk til moderne industriverksemder og stadig meir varierte servicebedrifter. Luster har godt utbygde desentraliserte tilbod og mange levande bygder. Kommunesenteret Gaupne ligg 25 minutt frå region- og utdanningssenteret Sogndal. Meir informasjon finn du på: www.luster.kommune.no

Spanande traineestilling for sjukepleiar i Luster 
Som trainee i Luster vil du få varierte oppgåver i kommunen si omsorgsteneste som har tre veldrivne omsorgssenter lokalisert til Luster, Gaupne og Hafslo. 

Om tenestetilbodet
Tenestetilbodet er godt og dekker alle område- og nivå i den kommunale omsorgstrappa. Det vert arbeidd aktivt med fag- og tenesteutvikling i høve tidleg innsats, aktiv omsorg, habilitering og rehabilitering, samt innan viktige fagområde som demens-, kreft- og palliativ omsorg – og psykisk helseteneste. Kommunen har eiga korttidsavdeling med øyeblikkeleg hjelp døgntilbod (ØHD) og gode tenester til bebuarar på langtidsplass. 

Korleis vil du jobbe?
Du vil få moglegheit til å arbeide i gode fagmiljø ved alle tre omsorgssentra. Det er i utgangspunktet tenkt ei 100% stilling fordelt med 90% i tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg, og 10% til utviklingsarbeid. Men dette kan i noko grad tilpassast dine ynskje. Det kan også leggast til rette for langvakter på helg med arbeid kvar fjerde helg. 

Me søkjer deg som er

  • Engasjert, løysingsorientert og fleksibel sjukepleiar med gode samarbeidsevner
  • Du må ha førarkort klasse B

Me tilbyr

  • Varierte arbeidsdagar med  mykje læring og utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar, løn i tråd med gjeldande avtaleverk 
  • Hjelp med å skaffe bustad

Om du søkjer meiningsfulle arbeidsoppgåver og spanande utfordringar i ein kommune med vakker natur, levende bygder og gode tenester – er Luster staden for deg.  

Som Framtidsfylket Trainee får du

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til 
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket-trainee

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter enda studium
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

Tilsetting: August 2020 til august 2021.

NB: Alle traineestillingane må søkjast på gjennom Framtidsfylket. Dersom du ikkje har brukar kan du registrere deg her.



Luster kommune

Søknadsfrist

søndag 1. mars 2020

Søk stilling

Kontaktpersonar

Margunn Hillestad

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.