Norec søkjer trainee innan internasjonal utvikling

Norec er eit statleg forvaltningsorgan under Utanriksdepartementet og er ein verdibasert arbeidsplass med engasjerte og kunnskapsrike kollegaer i eit dynamisk miljø. Hovudoppgåva til Norec er forvaltning av tilskot til internasjonale partnarskap som jobbar med utveksling av frivillige og tilsette. 

I 2019 var 200 organisasjonar og verksemder frå 24 forskjellige land involvert i 90 ulike partnarskap. Til saman utveksla desse partnarskapa 650 menneske mellom land i Afrika, Asia, Latin-Amerika og Norge. Som Norec skal vi bygge opp eit nasjonalt kompetansesenter for utveksling, nettverksbygging og utvikling av unge leiarar.

Stillingsbeskrivelse
No ønskjer vi å ha ein trainee med på laget. Er du eller kjenner du nokon som er klare for å jobbe med internasjonale spørsmål frå Førde? Vi søker nysgjerrige og kunnskapslystne nyutdanna som vil vere med å utvikle Norec til eit nasjonalt kompetansesenter for internasjonalt utvekslingssamarbeid. 

Som trainee i Norec vil du

  • Jobbe med tilskotsforvaltning, kursverksemd, nettverksbygging og kommunikasjon
  • Jobbe tett på flinke og dedikerte fagfolk som brenn for sine felt
  • Få ei unik forståing av både styring av ei statleg verksemd, og utveksling som et utviklingspolitisk verktøy på den internasjonale arenaen

Du har

  • Relevant høgare utdanning
  • Svært gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Andre språk vil vere ein fordel
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evne til å jobbe sjølvstendig, med god prioriteringsevne

Vi kan tilby deg

  • Ei spanande moglegheit til å være med på å utvikle Norec; eit kompetansesenter for utvekslingssamarbeid
  • Personleg og fagleg utvikling
  • Eit godt arbeidsmiljø med positive og ambisiøse kollegaer
  • Gode velferdsordningar og fleksibel arbeidstid
  • Trening i arbeidstida

Som Framtidsfylket Trainee får du

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre trainear i bedrifter i Sogn og Fjordane
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til 
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket Trainee

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter endt studie
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

Tilsetting: August 2020 til august 2021.

NB: Alle traineestillingane må søkjast på gjennom Framtidsfylket. Dersom du ikkje har brukar kan du registrere deg her.

Norec (Fredskorpset)

Søknadsfrist

søndag 1. mars 2020

Søk stilling

Kontaktpersonar

Morten Rørvik

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.