Tibber søker trainee innan utvikling

Tibber er verdas første heildigitale strømselskap. Vi erstattar det klassiske straumselskapet med ein app, som gjev betre priser, betre kundeoppleving og betre oversikt. I tillegg utviklar vi teknologi for at vanlige heimar kan redusere strømforbruket på ein enkel måte. 

Vår misjon er at folk får kontrollen over energiforbruket i eigen heim. Gjennom smart bruk av teknologi skal vi bidra til at alle heimar kan få straum frå fornybare kjelder og redusere sitt eige energikonsum. Dette skal vi gjere ved å utfordre dei gamle aktørane og tilby heilt nye opplevingar til kundane våre. 

Tibber er i dag eit team på 32 personar, fordelt på Førde, Stockholm, Helsinki og Berlin. Selskapet har god finansiering, blant anna gjennom investorar som Petter Stordalen, BKK Spring og legendariske Founders Fund frå Silicon Valley.

Om stillinga
Produktet og kundeoppleving er to sider av same sak. Vi bygger ei digital oppleving og vi legg stor vekt på detaljane i opplevinga. Det skal vere enkelt å bruke, lite friksjon og gje brukaren følelsen av: “kvifor har ikkje alle andre gjort dette før?”.

Tibber utviklar heile si plattform sjølv. Vi nyttar Amazon Web services som infrastruktur og byggjer programvare etter prinsippet om micro services. Stikkord om kva teknologiar og verktøy vi nyttar i utvikling av Tibber: .Net Core, Python, Node JS, numerisk matetmatikk, algoritmer og machine learning.

Personlege eigenskapar

  • Du har ei kick-ass haldning
  • Du gir jernet, fordi du diggar programvare som handverk
  • Du seier det du meiner

Vi kan tilby deg

  • Vestlandets mest spennande arbeidsplass
  • Muligheten til å vere med på eit eventyr
  • Lønn og aksjar/eigarskap i selskapet på same vilkår som investorar har kjøpt seg inn på
  • Ein garanti om hardt arbeid og mykje latter

Som Framtidsfylket Trainee får du

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til 
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket-trainee

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter enda studium
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg


Tilsetting: August 2020 til august 2021. 


NB: Alle traineestillingane må søkjast på gjennom Framtidsfylket. Dersom du ikkje har brukar kan du registrere deg her.


Tibber

Søknadsfrist

søndag 1. mars 2020

Søk stilling

Kontaktpersonar

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.