Enivest søkjer trainee - Prosjektingeniør

Enivest er det største IKT-selskapet heimehøyrande i Sogn og Fjordane

Vi tilbyr framtidsretta internettløysingar på ulike teknologiplattformar der fiber og fiberbasert breiband er det sterkaste vekstområde. Enivest arbeider aktivt med integrasjon av ulike tenester i nettet og er GET partnar på distribusjon av TV. Våre hovudprodukt er internett, datakommunikasjon, TV, video og telefonitenester. Selskapet har i dag 51 tilsette med hovudkontor på Øyrane i Førde og er i stadig vekst og utvikling. Sjå meir informasjon på våre nettsider: enivest.no

Kva kan vi gje deg som Trainee?

Vi kan gje deg ein spennande start på karrieren di i eit innovativt og lærerikt miljø. Du får eigen mentor som syter for di faglege og personlege utvikling. Vi kan gi deg konkurransedyktig løn og moglegheit for fast tilsetting.

Kven er du?
Du er ein engasjert og framsynt person som ønskjer å gjere ein forskjell, og som på sikt kan bli ein god leiar. Du har sterk interesse for teknologi, er kreativ og initiativrik. Du kan jobbe sjølvstendig, men også i team og på tvers av fagmiljøa. Du har høg arbeidskapasitet og ønskjer å bidra positivt til vårt gode arbeidsmiljø.

Arbeidsoppgåver:

  • Prosjektering, planlegging og prosjektleiing for utbygging av fibernett og annan infrastruktur
  • Oppfølging og koordinering av eksterne entreprenørar, installatørar, leverandørar og samarbeidspartnarar
  • Forhandlingar og utforming av kontraktar
  • Dokumentasjon av nett

Kvalifikasjonar:

  • Høgare teknisk utdanning (ing./siv.ing). Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning
  • Kunne jobbe strukturert med fleire samtidige prosjekt
  • Forståing for bygging av infrastruktur
  • Forståing for prosjektøkonomi
  • Erfaring med prosjektleiing
  • Førarkort klasse B (reiseverksemd må påreknast)
  • Norsk som arbeidsspråk

Som Framtidsfylket Trainee får du

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til 
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur
  • Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket-trainee
  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter enda studium
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

Tilsetting: August 2020 til august 2021.

NB: Alle traineestillingane må søkjast på gjennom Framtidsfylket. Dersom du ikkje har brukar kan du registrere deg her.


Enivest

Søknadsfrist

søndag 1. mars 2020

Søk stilling

Kontaktpersonar

Roger Saugestad

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.