Fjord1 søkjer trainee innan økonomi

Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden. 

Fjord1 er det leiande ferjeselskapet i Norge, med ferjetransport som kjerneverksemd. Selskapet driv og aktivitet innan passasjerbåttransport, catering og fjordbasert reiseliv. Vårt hovedkontor ligg i Florø, og her har om lag 100 personar sin daglege arbeidsplass. Vi har også regionkontor i Bergen og Molde, og totalt er vi 1200 fantastiske kollegaer fordelt på sjø og land. 

Vi i Fjord1 er teknologioptimistar, og vi jobbar dagleg med nybygg i verdsklasse. Vi byggjer no over eit trettitals nye el-ferjer, som alle er topp moderne med den fremste teknologien i verda. I dei fleste anbudskonkurransar som blir lyst ut i dag er miljøkrava forsterka, og det er i stor grad til krav til null- og lågutsleppsteknologi. Selskapet har gjennom bygging av nye, klimavennlege fartøy sikra seg ein leiande posisjon i det grøne skiftet og elektrifiseringa av norske fjordar.

Vi søkjer no etter trainee til vår økonomiavdeling ved hovudkontoret i Florø

Som trainee i Fjord1 vil du få oppleve eit år med spennande oppgåver der du må utfordre deg sjølv, med støtte frå fagleg dyktige kollegaer. Vi er ein organisasjon som samhandlar og arbeider på tvers av fagområder med fokus på totaliteten av selskapet. Vi ser etter deg som ser nye løysingar, kan utfordre vår tankegang, er nysgjerrig og lærevillig, med eit sterkt ønske om å bidra til at Fjord1 når sine målsettingar. 

Vi tilbyr: 

  • Ei unik start på di karriere
  • Delta i prosjektarbeid på tvers av fagområder
  • Moglegheit til å få ansvar, og vere med å påvirke utviklinga i selskapet
  • Jobbe med utfordrande arbeidsoppgåver
  • Tett og god oppfølging både fagleg og personleg
  • Bli ein del av eit godt og inkluderande arbeidsmiljø 
  • Bli ein del av ein aktiv gjeng som samlast for kjekke aktivitetar også på fritida
  • Moglegheit til ei vidare karriere i Fjord1


Ønska kvalifikasjonar: 

  • Du er utdanna innan økonomi, finans, rekneskap, IT, eller kanskje noko heilt anna?
  • Interesse for business intelligence (BI), grensesnitt og systemflyt
  • Personlege eigenskapar
  • Du er løysingsorientert og nysgjerrig
  • Du tek fatt på nye oppgåver med motivasjon, engasjement og pågangsmot
  • Du er strukturert og ryddig 
  • Du har gode kommunikasjonsevner
  • Du har sterke analytiske eigenskapar og er pådrivar for forbetringar 
  • Du tør å stille spørsmål og utfordre etablerte praksisar

Fjord1 som kompetansearbeidsplass veks kvar dag - kanskje er du den neste på laget vårt? 

Som Framtidsfylket Trainee får du

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til 
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur
  • Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket-trainee
  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter enda studium
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg
  • Tilsetting: August 2020 til august 2021.

NB: Alle traineestillingane må søkjast på gjennom Framtidsfylket. Dersom du ikkje har brukar kan du registrere deg her..


Fjord1 AS

Søknadsfrist

søndag 1. mars 2020

Søk stilling

Kontaktpersonar

Heidi Felle

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.