Sunnfjord Energi søkjer trainee innan analyse og utvikling

Gjennom Framtidsfylket sitt traineeprogram er vi på jakt etter ein eller to trainear som kan bli ein del av laget vårt. Vi ser etter deg som kan utvikle Sunnfjord Energi vidare innanfor analyse og digitalisering. Dersom du følgjer med på teknologiutviklinga og vil påverke og forme Sunnfjord Energi i framtida så er dette jobben for deg! 

Energibransjen står i dag framfor store endringar, og i samband med AMS, sensorteknologi, større datamengder mm. har vi mange spennande oppgåver innan dataanalyse, programmering, statistikk, teknologi og digitalisering.

Sunnfjord Energi har gjennomført fleire prosjekt knytt til digitalisering og har etablert Azure som skyløysing. Stillinga vil ha ei aktiv rolle i å utvikle dette verktøyet vidare.


Kven er du?

  • Du er nysgjerrig og lærevillig, og blir gira av utfordringar
  • Du er sjølvstendig, strukturert og analytisk, med gode kommunikasjonsevner
  • Du er ein lagspelar som likar å jobbe på fleire fagfelt og er opptatt av å sjå resultat
  • Du tek initiativ, har stå−påvilje og eit godt humør
  • Følgande kompetanse er ein fordel
  • Erfaring med å strukturere og analysere store datasett frå ulike kjelder
  • Erfaring med PowerBl eller andre analyseverktøy
  • Kunnskap innan programmering
  • lnteresse formaskinlæring og kunstig intelligens
  • Du har bakgrunn innan elkraft, økonomi, lKT eller tilsvarande

Arbeidsoppgåver

Sunnfjord Energi skal fusjonerast med BKK i 2020. Som ein del av fusjonsavtalen er det formidla at digitalisering skal være eit av satsingsområda i vår region på vegne av BKK Nett. Sunnfjord Energi er allereie langt framme på teknologi innafor fleire fagfelt og vi ynskjer at vår region skal bli leiande på å teste/pilotere i BKK Nett. Vi vil derfor utvide vår kompetanse med tanke på digitalisering og automatisering.

Som trainee innanfor analyse og utvikling vil ein:

  • Jobbe tett opp mot andre avdelingar i selskapet og leverandørar på fagsystem.
  • Være med å bygge opp og utvikle kompetansegruppe innanfor digitalisering.
  • Jobbe i eit tverrfagleg team der ein vil jobbe med utvikling av eksisterande og nye system og digitale verktøy.
  • Analysere og predikere data for effektivisering og forbetring av den daglege drifta.

Som trainee i Sunnfjord Energi blir ein ikkje bare satt på eit kontor, men ein vil bli ein sentral del av selskapet og får ta del i den vidare utviklinga. Sunnfjord Energi kan tilby eit ungt miljø med mange nytilsette dei siste åra. I tillegg foregår det ulike aktivitetar og samlingar gjennom året. Fleire av dei nytilsette starta karrieren sin som trainee i Sunnfjord Energi og har no viktige roller i selskapet.

Vi tilbyr deg

  • Oppfølging av eigen mentor.
  • Spennande arbeidsoppgåve rmed stort potensiale for personleg utvikling.
  • Gode moglegheiter for kurs og vidareutdanning
  • Høg gøy−faktor på traineesamlingar og på jobben
  • Høve til å søke på faste stillingar i Sunnfjord Energi
  • Eit sosialt miljø med engasjerte medarbeidarar som driv på med ulike aktivitetar og samlingar gjennom året
  • Eige trimrom på arbeidsplassen samt tilgang til bedriftshytter på fjellet og ved sjøen.

Som Framtidsfylket Trainee får du

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til 
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket-trainee

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter enda studium
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg


Tilsetting: August 2020 til august 2021.
NB: Alle traineestillingane må søkjast på gjennom Framtidsfylket. Dersom du ikkje har brukar kan du registrere deg her.

Sunnfjord Energi

Søknadsfrist

søndag 1. mars 2020

Søk stilling

Kontaktpersonar

Marit Moene

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.