Odda Mekaniske Verksted søkjer trainee innan marknadsføring

OMV.AS er ein del av ein tradisjonell industri, der me jobbar med stål og er stolt av det. Me er inne i ei utvikling der digitalisering og robotisering er på agendaen, og det vil me vera med på! Her har me bruk for deg!

Me søkjer ein marknadsførar til å styrke oss digitalt.
Som trainee vil du få ei nøkkelrolle i bedriften som mellom anna går ut på å synleggjera oss. Du vil få jobbe med kommunikasjonskanalar, merkevarebygging, marknadsstrategiar m.m.  Sjekk gjerne vår nettside så ser du at her er ein jobb å gjera. 

Me kan tilby

  • varierte arbeidsoppgåver
  • lærerikt miljø
  • fleksibilitet
  • utfordringar og ansvar

Me ser etter

  • ein strukturert og kreativ person
  • ein som er sterk i/stolt av faget sitt
  • ein som kan samarbeide med andre
  • ein som vil noko meir

Kvalifisering
Høgare utdanning innan marknadsføring

Våre grunnleggjande verdiar er
Respekt, verdiskapande, stolt, lærande og skapande og samfunnsansvar

Som Framtidsfylket Trainee får du

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til 
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket-trainee

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter enda studium
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

Tilsetting: August 2020 til august 2021. 

NB: Alle traineestillingane må søkjast på gjennom Framtidsfylket. Dersom du ikkje har brukar kan du registrere deg her.



Odda Mekaniske Verksted AS

Søknadsfrist

søndag 1. mars 2020

Søk stilling

Kontaktpersonar

Gunn Dagestad

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.