Sparebanken Sogn og Fjordane søkjer to trainear innan fleire spennande fagfelt

Italian Trulli

Sparebanken Sogn og Fjordane vil vere meir enn bank. Bank- og finansbransjen er i stor endring og kundeåtferda i konstant utvikling. I Sparebanken Sogn og Fjordane har vi derfor fokus på forretningsutvikling og satsar på digitale løysingar. Vår visjon er å vere ei drivkraft for fylket og for at vi skal kunne vere det, søkjer vi fleire gode hovud.

Har du utdanning innan økonomi, administrasjon, juss, IT eller utvikling? Vil du vere med å forme framtidas bank? Då vil vi gjerne høyre frå deg!

Vi ønskjer deg som

  • Er lærevillig og nysgjerrig
  • Tørr å utfordre
  • Har interesse for kommunikasjon og teknologi
  • Utfordrar oss med nye idear

Som trainee i Sparebanken får du moglegheit til å forme din eigen rolle. Vi tilpassar stillinga ut frå kva kompetanse du har. 

Arbeidsoppgåver kan vere

  • Analyse og statestikk
  • Avdekke kvitvasking og terrorfinansiering
  • Webdesign
  • Programmering og automatisering
  • Utvikling web/mobil/DevOps
  • Avtalerett
  • Informasjonssikkerheit
  • Begeistre kunden gjennom sjølvbetjening og digitale kanalar
  • Sal og rådgjeving av bankens produkt

Vi kan tilby deg

  • Hyggjeleg og uformelt arbeidsmiljø med stor takhøgde
  • Eit spennande år med høve til utvikling
  • Utfordrande arbeidsoppgåver
  • Innovativt miljø med fokus på vidareutvikling
  • Gode kollegaer
  • Hytter på fjellet, i byen og i utlandet
  • Bedriftsidrettslag

Korleis er det å jobbe i Sparebanken Sogn og Fjordane? 

Likestilling
Sparebanken Sogn og Fjordane har som mål å vere ein av dei mest attraktive arbeidsplassane i fylket. I dag er vi best i landet på kjønnsbalanse, i følgje SHE index undersøkinga. Vi har fokus på å ivareta og utvikle mangfald i banken, både i kvardagen og i rekruttering. 

Kunnskapsdeling
Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver med moglegheit for kompetanseheving- og utvikling. Utnytting av dei tilsette sine ressursar er avgjerande for banken sin konkurranseevne og vekst.  Det er stor takhøgde i banken, og vi ønskjer at du som trainee skal utfordre oss med nye idear og innspel!

Lokal
Sparebanken Sogn og Fjordane har ein visjon om å vere ei drivkraft for fylket. Vi vekst nasjonalt, men forvaltar verdiane i Sogn og Fjordane. For oss er det viktig at overskotet til banken kjem lokalsamfunnet til gode i form av gåver- og sponsormidlar.

Som Framtidsfylket Trainee får du

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til 
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket-trainee

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter enda studium
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

Tilsetting: August 2020 til august 2021. 

NB: Alle traineestillingane må søkjast på gjennom Framtidsfylket. Dersom du ikkje har brukar kan du registrere deg her.




Sparebanken Sogn og Fjordane

Søknadsfrist

søndag 1. mars 2020

Søk stilling

Kontaktpersonar

Eirik Rostad Ness

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.