Seljar

Vi søkjer fleire ambisiøse og engasjerte seljarar til vår nye salsavdeling i Norse Feedback, for å møte den aukande etterspurnaden.

Seljarane skal vere med på å byggje opp Norse Feedback til å verte ein leiande leverandør av kartleggings- og analyseverktøy til både spesialist- og primærhelsetenesta. Stillinga omfattar oppsøkande sal til nye kundar, relasjonsbygging, samt oppfølging og utvikling av etablerte kundar.

Stillinga rapporterar direkte til salssjef.

Ansvar og arbeidsoppgåver:

  • Oppsøkande sal
  • Byggje langvarige og sterke kunderelasjonar
  • Sørge for at salsprosessar vert gjennomførde med ein bevisst strategi og høg kvalitet
  • Planlegging og gjennomføring av marknadsaktivitetar som kongressar, salsdemonstrasjonar, kurs/opplæring og utarbeiding av marknadsmateriell
  • Halde seg fagleg oppdatert
  • Vere ein inkubator for gode kundeopplevingar og ansvarleg for å etterleve Norse Feedback sin høge standar for leveranse og oppfølging

Kvalifikasjonar:

  • Erfaring frå sal
  • Grunnleggjande økonomisk kunnskap og god IT-kompetanse
  • Kjennskap til helsesektoren er ein fordel

Personlege eigenskaper:

  • Systematisk og strukturert
  • Engasjert, målretta og oppteken av å skape gode resultat
  • Evne til å byggje og vedlikehalde relasjonar
  • Utadvendt, kontaktskapande og samarbeidsinnstilt
  • Svært god skriftleg og muntleg framstillingsevne

Vi tilbyr:

Ein spanande moglegheit til å byggje opp Norse Feedback si salsavdeling og satsing innan primær- og spesialisthelsetenesta, samt styrke Norse Feedback sin eksisterande posisjon i helsemarknaden. Norse Feedback er i sterk vekst, og med gode karrieremoglegheiter.
I tillegg til:

Konkurransedyktig lønn
Fleksibel arbeidstid
Bonusordning
Nye kontor i kontorfellesskapet Peak Sunnfjord


Norse Feedback

Søknadsfrist

onsdag 20. november 2019

Kontaktpersonar

Joachim Vie

Hege Hopland-Nechita

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.