Bemanningskoordinator

Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!

Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet. Vi er teknologioptimistar, og vi jobbar dagleg med nybygg i verdsklasse. Vi byggjer over eit trettitals nye el-ferjer, som alle er topp moderne med den fremste teknologien i verda. Vi skal vere best på
miljøvennleg og påliteleg transport, og er stadig på jakt etter ny kompetanse.

Vi har ledig stilling som bemanningskoordinator som skal arbeide med rekruttering og bemanning av personell til turistferjer operert av The Fjords. Stillinga ligg under avdelinga Maritim Drift, kontorstaden er Florø og rapporterar til operativ leiar. 

Arbeidsoppgaver:

- Rekruttering av personell til turistfartøy
- Bemanningsansvarleg for fartøy i eigen portefølje
- Oppfølging/kontroll av spesifikke kompetansekrav
- Planlegging og koordinering av mannskap ifm. verkstadopphald
- Bygge sesongplanar og heilårsplanar
- Sakshandsaming innanfor personalområde
- Oppfølging av tariff/lønn

Kvalifikasjoner:

- Ønskjeleg med relevant høgare utdanning i frå høgskule/universitet
- Erfaring med (maritimt) personalarbeid kan kompensere for manglande formell utdanning
- Erfaring og kunnskap i bruk av IT-verktøy
- Evne til å arbeide i team

Personlege eigenskaper:

- Motivert, engasjert og initiativrik
- Strukturert og systematisk arbeidsform
- Proaktiv, resultatorientert og fleksibel
- Evne til å arbeide sjølvstendig, men også i team
- Evne til å skape gode relasjonar med våre medarbeidarar
- Trivast i ein hektisk kvardag
- Oppteken av kvalitet i arbeidsoppgåvene
- Imøtekommande og blid
- God til å kommunisere med andre

Vi tilbyr:

- Ei utfordrande og sjølvstendig stilling
- Muligheit for å lære, vekse og utvikle seg
- Konkurransedyktig løn, forsikring og pensjonsordning
- Godt arbeidsmiljø
- Fleksible arbeidsordningar
- Dyktige kollegaer
- Gode velferdsordningar

Fjord1 som kompetansearbeidsplass veks kvar dag - kanskje er du den neste på laget vårt?

Søk via vår elektroniske stillingsportal: https://www.fjord1.no/Karriere...


Fjord1 AS

Søknadsfrist

søndag 20. oktober 2019

Kontaktpersonar

Sigrunn Hellebust, Operativ Leiar

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.