Undervisningsstilling innan elektrofag, med fagretning elenergi - Sogndal vgs

Sogndal vidaregåande skule er den største skulen i fylket med ca. 800 elevar og 170 tilsette. Skulen har for tida 45 klassar, fordelt på utdanningsprogramma bygg- og anleggsteknikk, elektrofag, teknikk- og industriell produksjon, medium- og kommunikasjon, idrettsfag, helse- og oppvekst, restaurant- og matfag, studiespesialisering og service- og samferdsel. Me har òg grunnskule for minoritetsspråklege, vaksenopplæring, kursverksemd og landslinje for yrkessjåførar. Skulen held til i nye moderne lokale på Fosshaugane Campus. Me legg vekt på å skapa gode læringsmiljø og arbeidsvilkår for elevar og tilsette med fokus på kvalitet, trivsel, kunnskap, meistring og utvikling.

For meir informasjon gå til skulen si heimeside: www.sogndal.vgs.no

Om stillingen:

Frå 01.12.19 har skulen ledig følgjande stilling:
100% fast undervisningsstilling innan elektrofag, med fagretning elenergi.

Oppgåver og ansvar

  • Undervisning vil vere lagt til både Vg1 og Vg2, innan fagretninga elenergi.
  • Det kan også vere aktuelt å undervise innan andre fagområder.

Kvalifikasjonar

  • Godkjent utdanning som yrkesfaglærar.
  • Kompetanse innan elektrikarfaget, automasjon og/eller elkraft.
  • Relevant fagbrev innan eitt eller fleire fag.
  • Teoretisk utdanning på fagskule eller høgskulenivå.
  • Bestått praktisk pedagogisk utdanning (PPU). Søkjarar utan formell undervisningskompetanse kan tilsetjast på villkår om å fullføre slik utdanning innan 3 år.
  • Praksis frå fagområdet.
  • God IKT-kompetanse er ein fordel.

Personlege eigenskapar

  • Du må vere positiv og like å jobbe med ungdom.
  • Du må vere strukturert, samtidig som du kan jobbe i eit hektisk og nyskapande miljø.
  • Du må vere sjølvstendig, samtidig som du er god på relasjonar og samarbeid.
  • Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing.

Nærare opplysningar om stillingane kan ein få av avdelingsleiar for yrkesfag, Henry Helle, tlf. 908 49 591.


Søknadsfrist 29. september 2019

Sogn og Fjordane fylkeskommune

Søknadsfrist

søndag 29. september 2019

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.