100% stilling som sjukepleiar i Bremanger kommune, for tida i Svelgen/Davikområdet

Det er ledig ei fast stilling som sjukepleiar inntil 100% i heimesjukepleien, for tida i Svelgen/Davikområdet.

Vi søkjer etter personar med offentleg godkjenning som sjukepleiar. 

Vi kan tilby
  • god pensjonsordning og heildøgns forsikring
  • hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass
 
Om arbeidsplassen

Heimetenestene i indre del av Bremanger Kommune vert hausten 2019 samordna som ei teneste. Tenesta vil delvis verte organisert frå Svelgen, med gode velfedstekniske løysingar på Davik.

Vi arbeider i årsturnus med arbeid kvar tredje helg. Dei tilsette har ein stor moglegheit til å kunne påverke arbeids –og fritida si, ved å kome med ønsker i forkant av turnusskrivinga.

Vi har fleire ressursteam som ein kan fordjupe seg i. M.a. demens, palliativ omsorg, kreft, rehabilitering m.m. Vi har òg innført Kvardagsrehabilitering.

Bremanger kommune deltek i ein legevaktpilot frå hausten 2019, som er organisert i eit samarbeid mellom fleire kommunar i Sogn og Fjordane. Om natta skal vi ha «legevaktsatelitt» på Svelgen omsorgssenter der sjukepleiarane vil ha direkte kontakt med pasientar og lege på vakt i Førde. På dagtid har vi eige legevakt i Bremanger kommune.I samband med deltaking i legevakttenesta vil sjukepleiarane mellom anna få opplæring i akuttmedisin. I hovudsak er det sjukepleiarane ved Svelgen Omsorgssenter vil vere ein del av piloten, men det er opna opp for at sjukepleiarane i heimesjukepleie også kan verte med i den.

Du som blir tilsett må

  • ha offentleg godkjenning som sjukepleiar
  • gjerne ha erfaring med akuttmedisin
  • nytte norsk munnleg og skriftleg godt
  • like å arbeide i team
  • vere innstilt på endringar
  • legge fram politiattest av nyare dato
  • ha førarkort klasse B
 

Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode medarbeidarar!

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om deg som søkjar bli offentliggjort, sjølv om du ikkje ønskjer å stå på søkjarlista.

Dersom du ønskjer unntak frå offentleg søkjarliste må du grunngje dette særskilt i eige dokument sendt til post@bremanger.kommune.no eller Bremanger kommune, pb 104, 6723 Svelgen.Alle som søkjer på ledige stillingar i Bremanger kommune må registrere CV og sende søknad elektronisk.

Bremanger kommune

Søknadsfrist

søndag 29. september 2019

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.