Key Account Manager - internasjonale marked

Me søker etter deg som ynskjer utfordringar i ei næring i sterk vekst. Her vil du vil få moglegheit til å påverke eigen karriere og utvikling. Me har behov for fleire medarbeidarar i vår salsavdeling og søker seljar/key account manager for internasjonale kundar og marknader.

I Flåm vert du ein del av eit internasjonalt miljø, med fast tilsette og sesongarbeidarar frå over 20 nasjonalitetar. Naturen spelar på lag med oss og gjer det enkelt for oss tilsette å leve opp til våre verdiar:

Ekte - Spektakulær – Gjestfri - Kompetent

Arbeidsoppgåver:

- Ansvar for sal i bestemte geografiske marknader, inklusiv budsjett- og resultatansvar.

- Ansvar for tildelt kundeportefølje

- Planlegge og gjennomføre salsfremmande tiltak

- Følge opp og gjennomføre forhandlingar med våre kundar

- Gjennomføre sal og bygge relasjonar mot kundar

- Vere med å bidra til eit framtidsretta salsteam

- Pådrivar for digitalisering av tenester

- Fylgje opp og vidareutvikle interne rutinar for salsavdelinga

Kvalifikasjonar:

- Høgre utdanning, og/eller relevant erfaring innan sal, marknadsføring, reiseliv

- God økonomisk forståing og erfaring med budsjettering og rekneskap

- Erfaring frå B2B sal og teambygging

- Erfaring frå forhandlingar med kundar

- Gode språkkunnskapar og framstillingsevne, både skriftleg og munnleg. Norsk, engelsk og eventuelt andre framandspråk.

Om deg:

- Kunne jobbe nøyaktig, strukturert og målretta

- Gode språkkunnskapar munnleg og skriftleg, både engelsk og norsk ev andre framandspråk

- Gode kommunikasjonsevner og samarbeidsevner, flink til å opne dører og oppnå kontakt med kundar

- Stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne

- God i bruk av administrative dataverktøy som Word, Excel, Super Office, o.l.

Løn etter avtale – øvrige arbeidsvilkår i samsvar med Flåm AS sine retningslinjer.

Arbeidsstad: Flåm

Søknadsfrist: 31. august 2019

For spørsmål kring stillinga ta kontakt med Stig Johnny Buvik, leiar salsavdelinga – 90761912 eller Nils Asbjørn Lie, HR – 90510709

Søknad: https://www.jobbdirekte.no/flaam_as/1262839/index.html

Flåm AS

Søknadsfrist

lørdag 31. august 2019

Kontaktpersonar

Stig Johnny Buvik

Nils Asbjørn Lie

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.