Rådgjevar/seniorrådgjevar

Sogn og Fjordane fylkeskommune kan tilby eit stort spekter av stillingar knytt til både tenesteyting og utviklingsoppgåver. Vi har ansvar for vidaregåande opplæring, kulturtiltak, tannhelse, kollektivtrafikk, fylkesveg, næringsutvikling og regional planlegging. Vi har 1400 tilsette og eit årleg driftsbudsjett på 3 mrd. kroner.

Om stillingen:

Sogn og Fjordane fylkesbibliotek har frå 1. september ledig fast stilling som: Rådgjevar/seniorrådgjevar 

Sogn og Fjordane fylkesbibliotek arbeider for å utvikle gode bibliotektilbod i fylket. Ei kjerneoppgåve er å leggje til rette for litteraturformidling, særleg til barn og unge og av den nynorske litteraturen. Fylkesbiblioteket syter for fellestenester og grunnleggjande infrastruktur for biblioteka, transportordning, e-bokteneste og utlån av klassesett. Vi arrangerer konferansar og fagsamlingar for bibliotektilsette, og arbeider for sterkare fagmiljø gjennom rådgjeving og prosjekt. Arbeidet vårt er forankra i Kultur for alle, regional plan for kultur i Sogn og Fjordane 2019-2027. Sogn og Fjordane fylkeskommune går saman med Hordaland til Vestland fylkeskommune frå 1. januar 2020. Til stillinga ligg oppgåver for heile det nye fylket. 

Vi ynskjer at du skal delta i fylkesbibliotekets arbeid med å:

  • gje råd og rettleiing om utvikling og drift av folke- og skulebibliotek
  • utvikle litteraturformidlinga til ulike målgrupper vidareføre og utvikle fellestenester for folke- og skulebiblioteka
  • planleggje og gjennomføre konferansar, fagmøte og arrangement
  • planleggje og gjennomføre utviklingsprosjekt
  • byggje nettverk og samarbeid på litteraturfeltet
  • følgje opp regionale biblioteksamarbeid
  • utføre andre løpande oppgåver

Vi krev:
  • bibliotekfagleg utdanning eller anna relevant utdanning frå høgskule eller universitet

Vi legg vekt på at du:
  • har engasjement for formidling og bibliotekutvikling har erfaring frå bibliotek, utviklingsarbeid og formidling
  • har god IKT-kunnskap
  • er utviklings- og resultatorientert med god gjennomføringsevne
  • er sjølvstendig, initiativrik, fleksibel og har evne til omstilling
  • er utoverretta og har gode samarbeidsevner
  • har god munnleg og skriftleg framstillingsevne

Vi kan tilby:
  • interessante arbeidsoppgåver og gode vilkår for fagleg utvikling
  • løn etter avtale
  • gode forsikrings- og pensjonsvilkår
  • fleksibel arbeidstid

Kontorstad: Førde. 

Stillinga inneber ein del reiseverksemd, og det er difor ynskjeleg at den som vert tilsett har førarkort. Fleire opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til fylkesbiblioteksjef Siri Ingvaldsen, telefon 907 89 828. Fylkesbibliotekets nettsider: http://fylkesbiblioteket.sfj.no/ 

Administrasjonsmålet til fylkeskommunen er nynorsk. 

På heimesida vår: http://www.sfj.no finn du meir informasjon om fylkeskommunen. Søknad sender du ved å bruke elektronisk søknadsskjema du finn i søknadsbildet www.sfj.no 

Opplysningar om søkarane kan bli offentleggjorde sjølv om søkaren har bedt om å vere unnateke søkarlista. Søkar vil blir orientert om dette på førehand. Kopi av vitnemål og attestar tek du med deg til eit ev. intervju. 

Søknadsfrist: 11. august 2019.

Sogn og Fjordane fylkeskommune

Søknadsfrist

søndag 11. august 2019

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.