Økonomikonsulentar

Vi har ledige stillingar som økonomikonsulent ved økonomiavdelinga i Førde.  

Banken har nyleg tatt i bruk økonomisystemet BGL, som er ei banktilpassa utgåve av systemet Unit 4 (tidlegare Agresso). Vi søkjer etter personar som likar endringar og som vil bidra med effektiv utnytting av det nye systemet, i tillegg til å delta med vanlege arbeidsoppgåver ved økonomiavdelinga. 

Arbeidsoppgåvene vil vere varierte og i hovudsak omfatte:
• Intern- og ekstern rapportering
• Fakturahandtering og rekneskapsføring
• Kontrollar, avstemming og rekneskapsanalyse
• Effektivisering av arbeidsprosessar


Til stillingane søkjer vi deg som:

• er positiv, serviceinnstilt, utviklingsorientert og engasjert
• har utdanning på høgskulenivå innanfor økonomi/rekneskap eller revisjon
• har god kunnskap om rekneskap og rapportering
• har erfaring med bruk av excel og power point
• likar å jobbe i grensesnittet mellom økonomi og IT med effektivisering

Erfaring med økonomisystemet Unit 4 (tidlegare Agresso) og/eller analyseverktøy som datavarehus/BI verktøy vil vere ein fordel.

Vi legg vekt på at du er analytisk, strukturert og har god munnleg og skriftleg framstillingsevne.  Du må kunne arbeide sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner. 

Sparebanken Sogn og Fjordane kan tilby utfordrande arbeidsoppgåver, konkurransedyktig lønn, ei god pensjonsordning og eit godt arbeidsmiljø. 

Har du spørsmål om stillinga, kontakt økonomisjef Ingeborg Aase Fransson (481 67 075).

Send søknad her

Sparebanken Sogn og Fjordane

Søknadsfrist

søndag 4. august 2019

Kontaktpersonar

Ingeborg Aase Fransson

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.