Teiknspråktolk

Vågsøy kommune har ledig eit engasjement i 100% stilling som teiknspråktolk frå 01.08.2019 – 31.07.2020.

Vi treng ein utdanna teiknspråktolk som skal inngå i eit tolketeam på Skavøypoll skule/Vågsøy ungdomsskole med tilsaman fire tolkar. Arbeidet består hovudsakleg av å tolke undervisning og skulen har stort fokus på samarbeid mellom tolkar og lærarar. Du må også rekne med å tolke arrangement i skulen sin regi både i skuletida og evt etter skuletid.

Vågsøy kommune har stort fokus på teiknspråk og Vågsøy ungdomsskole er ein av to ungdomsskular i landet med teiknspråk som framandspråk. Ein vil inngå i eit teiknspråkteam saman med andre tilsette for å fremje teiknspråk og godt samarbeid. Teiknspråkteamet deltek i hørselsnettverk i Nordfjord og vi har tett fagleg samarbeid med Statped Vest og Nattland skole som alternativ opplæringsarena.

Vi legg vekt på:                                                                                                         

            Personlege eigenskapar som:  

·         Fleksibilitet, sjølvstende og kreativitet

·         Evne til å byggje og ivareta gode relasjonar og involvere seg positivt i elevane

·         Endrings- og utviklingsorientert med ynskje om å utvikle teiknspråkkompetansen i kommunen

·         Gode samarbeidsevner og vilje til samhandling

·         Evne til å inspirere og motivere

Vi kan tilby:

·         Spennande arbeidsoppgåver

·         Utfordringar

·         God pensjonsordning

·         Ryddige arbeidsforhold

·         Tolkefagleg rettleiing

·         Utsikt/moglegheit til fagleg oppdatering og påfyll

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Det er ønskjeleg at referanse vert oppgitt.

Den som vert tilsett må leggje fram politiattest av ny dato.

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjarar som ønskjer unntak frå offentleg søkjarliste må grunngje dette særskilt i søknadsteksten i søknaden.

For nærare opplysningar kan du ta kontakt med rektor ved Vågsøy ungdomsskole Kåre Bakke

tlf. 57 84 54 03 / 91 38 45 22

Alle søkjarar til ledig stilling i Vågsøy kommune må registrere CV og sende søknad elektronisk.

Søknadsfrist: 04.08.2019

Vågsøy kommune

Søknadsfrist

søndag 4. august 2019

Kontaktpersonar

Kåre Bakke

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.