Fastlege

Nyoppretta fastlegeheimel med full pasientgrunnlag ved Gloppen legesenter er ledig frå 01.11.2019.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer ein spesialist i allmenmedisin eller lege som kvalifiserer til tilsetting i LIS 3 stilling i almenmedisin
  • Norsk autorisasjon som lege 
  • Godkjent LIS 1
  • Motivasjon for å bli spesialist i allmenmedisin
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk, både skriftleg og munnleg

Personleg eignaheit, interesse og kunnskap vil bli vektlagt. Erfaring frå kommunehelsetenesta og fastlegeordninga er ein stor fordel. 

Vi tilbyr

  • Nytt legesenter i lyse lokaler, bygd i 2012 og plassert i kommunesenteret på Sandane med utsikt over Gloppefjorden. 
  • Seks erfarne fastlegar i 30-40 åra som har vore på legesenteret mellom 4 og 15 år. LIS 1 lege. Lang erfaring med rettleiing av legar i spesialisering. 
  • Hjelpepersonell med to sjukepleiarar, to helsesekretærar og to bioingeniørar - totalt 5 årsverk. 
  • Eit velutstyrt laboratorium. 
  • Fleire skiftestover. 
  • Godt arbeidsmiljø, med felles lunch dagleg med heile personalet, og vekentlege legemøte.
  • Godt samarbeid med den kommunale helsetenesta. 
  • Legevakt lokalt i Gloppen kommune. 10-delt (ca 3 vakter pr mnd.) Heimevakt med på snitt 4-6 henvendelsar pr vakt. 

Lønns- og arbeidsvilkår:

Sjølvstendig næringsdrivande i kommunalt dreve legesenter. Null løysing det vil seie husleige til kommunen utgjer basistilskudd. Kommunen kan ifølge sentrale avtalar disponere inntil 20% kommunal stilling.

Det blir stilt krav om tilfredsstillande politiattest.


Gloppen kommune

Søknadsfrist

tirsdag 1. oktober 2019

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.