Stilling som reinhaldar i Bremanger kommune, for tida ved Ålfoten oppvekstsenter

Vi har ledig ei 32% fast stilling som reinhaldar frå 05.08.2019, for tida ved Ålfoten oppvekstsenter. 

 Vi søkjer deg som:
  • har fagbrev innan reinhald.
    Andre kan òg søkje. 
 Den som vert tilsett må i tillegg til faglege kunnskapar:
  • vere sjølvstendig
  • vere løysingsorientert

Den som vert tilsett må legge fram politiattest av nyare dato.  

Vi kan tilby: 

  • Løn etter avtale
  • God pensjonsordning og heildøgns forsikring
  • Tilsetjing etter gjeldande lover og reglar
  • Hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass
 

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om deg som søkar bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkarlista.

Dersom du ønsker unntak frå offentleg søkarliste må du grunngje det særskilt i eige dokument sendt til post@bremanger.kommune.no eller Bremanger kommune, pb 104, 6723 Svelgen.

Alle søkarar til ledige stillingar i Bremanger kommune må registrere CV og sende søknad elektronisk.

Bremanger kommune

Søknadsfrist

søndag 23. juni 2019

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.