Prosjekteringsleiar Førde

Vil du ta del i vår satsing i Førde? Vi søker

PROSJEKTERINGSLEIAR

Distrikt Sogn og Fjordane søker prosjekteringsleiar til prosjekt i Førde-området. Vi aukar aktiviteten vår i Sunnfjord, og treng dyktige medarbeidarar til å bygge opp vårt nye avdelingskontor. Arbeidsstad er Førde. Søk jobben her: http://veidekke.no/jobb/ledige...

Bak eit kvart suksessfullt bygg står det gode prosjekteringsleiarar. Veidekke har eit aktivt nettverk i prosjekteringsleiing som jobber med utvikling av prosessar og metodar, og vi ynskjer no å styrke dette nettverket ytterlegare. I Veidekke er involvering sentralt, og for å sikre ein god prosjekteringsprosess, planlegg vi prosjekteringa på tvers av fagmiljø og involverte partar i prosjekta. Sit du inne med gode idear og løysingar til korleis byggeprosessen bør styrast vil vi gjerne ha deg med på laget. Veidekke lev av og for prosjekt – gjer du?

Arbeidsoppgåver

Som prosjekteringsleiar har du ansvar for å leie prosjekteringa som ligg under Veidekke si kontrakt. Du tilhøyrer eit leiarteam saman med prosjektleiar og anleggsleiar ute på byggeplass, og rapporterer til fyrstnemde. Dine arbeidsoppgåver vil hovudsakeleg vere å utarbeide prosjekteringsplan for prosjektet med gjennomgåande risikovurdering. I dette arbeidet er det viktig å ta hensyn til kunden sine behov og forventningar til prosjektet, og elles andre krav som er spesifisert i kontrakta. Etablering av klare og eintydige kontrakter med eventuelle rådgivarar vil naturlegvis og vere ein del av jobben.

Kvalifikasjonar

* Ingeniør eller sivilingeniør innan byggfaget, men erfaring vil kunne kompensere for manglande utdanning.

* Det er ein stor fordel om du har kjennskap til prosjekteringsverkty og visualisering og modellering med bruk av VDC og BIM.

* God kjennskap til plan– og bygningsloven, TEK 17 samt Byggherreforskriften er ynskjeleg.

Personlege eigenskapar

Som prosjekteringsleiar evner du å lage optimale løysingar for ein forutsigbar og sikker byggjeprosess. Du har god oversikt over prosessane og risikofaktorane i alle fasene i eit byggjeprosjekt. Du må vere genuint interessert i bygg – og anleggsprosjekt, og du må elske å skape flotte bygg. Som ein del av eit leiarteam på byggeplass er du oppteken av - og legg til rette for, eit godt samarbeidsklima. Du har HMS som en sjølvsagt del av arbeidskvardagen din.

Kva kan vi tilby deg?

Vi gjennomfører mange ulike prosjekt i året, noko som gjer at du vil få gode høve til å nytte kompetansen din i varierte prosjekt. Du blir ein del av eit team som både har det kjekt på jobb og har høg prestasjonsevne. Vi veit at sterke fagmiljø gir nøkkelkompetanse som vi er avhengige av. I vår verd er den beste skulen praktisk erfaring i våre prosjekt. Saknar du derimot å sitje på skulebenken for å lære noko nytt, er det mange kurs å velge i hjå vår eigen Veidekkeskule. Veidekkeskulen har dei siste tre åra blant anna lagt spesiell vekt på å utdanne medarbeidarar i involverande planlegging i byggjeprosessar ved hjelp og bruk av verktøyet BIM. I Veidekke har vi gode pensjons- og forsikringsordningar, og du vil saman med alle andre kolleger få høve til å eige eigen bedrift. I dag eig vi ca 15 % av verdiane i selskapet, noko som er ganske unikt blant store selskap i Norge.

Veidekke Entreprenør AS

Søknadsfrist

fredag 28. juni 2019

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.