Sjukepleiar/vernepleiar, for tida i Open omsorg Ytre, avd. Hogslia

Hogslia er ei avdeling i Open omsorg Ytre Bremanger der det er 8 leiligheter i eit fellesskap, og brukargruppa er mennesker med nedsett funksjonsevne. Hogslia er ein trivelig plass å både bu og jobbe i.

Hogslia har fleksibel turnusordning der dei tilsette i stor grad er med å påvirke når dei skal jobbe. I utgangspunktet er det arbeid kvar 2. helg, men med dispensasjon til langvakter vil det bli 1 helg i månaden.Turnusen er 3-delt men vaktene vil i stor grad bli dag- og seinvakter – enkle vakter eller som langvakter. Det er på dag- og seinvakter vi har mest behov for denne kompetansen.

 
Vi søkjer etter personar som er:

• offentleg godkjent sjukepleiar eller vernepleiar

• fagleg engasjert

• ansvarsbevisst

• kreativ og endringsorientert

• fleksibel og har godt humør


Du må:

• ha gode kommunikasjons- relasjons og samarbeidsevner

• ha førarkort klasse B


Gode norskkunnskapar vert vektlagt, personleg eigenheit vil bli tillagd avgjerande vekt.


Bremanger kommune nyttar mellom anna løn som virkemiddel.


Den som vert tilsett må legge fram politiattest av nyare dato.

 
Vi kan tilby: 

  • Løn etter avtale
  • God pensjonsørdning og heildøgns forsikring
  • Tilsetjing etter gjeldande lover og reglar
  • Hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass 

 Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.

Søkjarar som ønskjer unntak frå offentleg søkjarliste må grunngje dette særskilt i eige dokument sendt tilpost@bremanger.kommune.no eller Bremanger kommune, pb 104, 6723 Svelgen.

Alle søkjarar til ledig stilling i Bremanger kommune må registrere CV og sende søknad elektronisk.

Bremanger kommune

Søknadsfrist

søndag 26. mai 2019

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.