Einingsleiar Pleie og omsorg

Då vår noverande einingsleiar skal ut i permisjon, søkjer vi vikar i perioden 01.07.19-30.06.20.

Eininga for pleie- og omsorgstenester består av heimesjukepleie, sjukeheim, omsorgsbustadar og heimehjelp. Eininga er i tillegg til einingsleiar organisert med assisterande einingsleiar og fagsjukepleiar. Einingsleiarstillinga inngår i rådmann si leiargruppe.

Vi søkjer:

- ein tydeleg leiar, som er synleg og aktiv i arbeidsmiljøet og som har vilje og kapasitet til å vere leiar
- ein leiar som kan arbeide sjølvstendig og systematisk og vere målretta og resultatfokusert. Må vere med å bidra til godt samarbeid, motivere og inspirere til tilsette.
- ein leiar som har god fagkompetanse som bidreg til fagutvikling og kvalitetssikring til brukarar.

Kvalifikasjonar:

- 3 årig høgskule innan helse og omsorg
- krav til kunnskap og erfaring frå arbeid innan pleie og omsorg
- krav til leiarerfaring
- god IT kompetanse
- god kunnskap om helselovgivinga
- søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk, skriftleg og munnleg
- relevant leiarerfaring og kjennskap til pleie og omsorg kan kompensere for utdanning

Krav til/ønskje om utdanning

- høgskule/universite
- diplom-/bachelorgrad

Lønnsvilkår

Lønn etter avtale

Personlege eigenskapar

- ha ein positiv grunnhaldning "vi får det til"
- evna å arbeide strukturert og sjølvstendig
- gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
- høg arbeidskapasitet der du er initiativrik, engasjert og fleksibel
Personlege eigenskapar vert vektlagde

Me kan tilby

- stillingsbrøk 100 %
- spennande oppgåver med store mulegheiter for personleg og fagleg utvikling
- ein arbeidsplass som er IA bedrift
- arbeid på dagtid
- ulukkes- og gruppeforsikring
- bedriftshelseteneste
- god pensjons- og bustadlånordning (KLP)



NAV Sogn og Fjordane

Søknadsfrist

tirsdag 30. juni 2020

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.