Norec søker Kommunikasjonsrådgjevar

Om Norec:

Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec – tidlegare Fredskorpset) er eit statleg forvaltningsorgan under Utanriksdepartementet. Vi er ein verdibasert arbeidsplass med engasjerte og kunnskapsrike kollegaer i eit dynamisk miljø. 

Hovudoppgåva til Norec er å forvalte tilskot til internasjonal utveksling av frivillige og tilsette i organisasjonar, institusjonar og verksemder. Utvekslingane finn stad mellom partnarar i Norge og land i Afrika, Asia og Latin-Amerika. I 2018 var 230 organisasjonar, institusjonar og verksemder frå 24 land involvert i 80 ulike partnarskap. Til saman utveksla desse partnarskapa 580 menneske mellom land i Afrika, Asia, Latin-Amerika og Norge. 

I 2018 opna vi kontor i Førde. Her er vi i ferd med å bygge opp eit nasjonalt kompetansesenter for utveksling, nettverksbygging og utvikling av ungt leiarskap. 

Om stillinga:

Kommunikasjonsrådgjevaren skal bidra til å synleggjere Norec som eit relevant verkemiddel for norsk utviklingssamarbeid, og som aktør med særskilt kompetanse på utveksling, nettverk og ungt leiarskap. Du vert ein sentral medarbeidar i teamet for nettverk- og kommunikasjon, med særleg fokus på prosjektoppfølging, SoMe og arrangement. 

  • Andre oppgaver må påreknast.
  • Det er ein del reiseverksemd i stillinga.

Dine oppgåver vil vere

  • Planlegging, produksjon og formidling av innhald til Norec sine ulike kanalar, med redaktøransvar for sosiale medium
  • Oppfølging av Norec sine prosjekt
  • Planlegging og gjennomføring av konferansar, seminar og andre større arrangement

Vi håper du søker dersom 

  • Har høgare relevant utdanning. Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
  • Har jobberfaring frå utlandet, gjerne utviklingsland, og kunnskap om norsk utviklingspolitikk og bistand
  • Har erfaring fra pressehandtering og innsal
  • Har erfaring frå organisering og kommunikasjon i høve konferanser/arrangement
  • Har jobba med å produsere innhald for sosiale medium, og er oppdatert på digitale trendar
  • Har erfaring med grafisk design og kan bruke Adobe-pakken
  • Er god til å sjå samanhengar, det store bildet og til å finne den gode historia
  • Er ein sjølvstendig person som taklar eit periodevis høgt tempo og er ein problemløysar
  • Har svært gode norsk- og engelskkunnskapar. Andre språk vil vere ein fordel.

Du kan bli bedt om å vise arbeidsprøver.

Det stillast krav til personleg integritet og evne til å syne respekt for andre. At ein er personleg eigna vert vektlagd.

Vi kan tilby

  • ei spanande moglegheit til å være med på å utvikle Norec; eit kompetansesenter for utvekslingssamarbeid
  • personleg og fagleg utvikling
  • eit godt arbeidsmiljø med positive og ambisiøse kollegaer
  • høve til bustadlån i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar og fleksibel arbeidstid
  • trening i arbeidstida

Generell informasjon

Arbeidsstad: Førde.

Tiltreding: 01.08.2019

Stillinga vert lønna etter avtale innafor statens lønnsregulativ som statens lønnsregulativ som førstekonsulent/kode 1408, rådgiver/kode 1434 eller seniorrådgiver/kode 1364. Stillingsplassering vil vere avhengig av utdanning og erfaring.

Vi tilbyd gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse. Frå lønna vert det trekt 2 % til Statens pensjonskasse.

Norec er opptatt av mangfold og vi oppfordrer kvalifiserte kandidater til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn, eller andre forhold.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har bede om å ikkje verte ført opp på søkjerlista. Dersom dette ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren verte varsla om dette.

For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med Cathrine Ekehaug, telefon 41 51 61 06,
eller avdelingsdirektør Morten Rørvik, telefon 91 00 55 09.


Norec (Fredskorpset)

Søknadsfrist

søndag 28. april 2019

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.