Reinhaldar i eigedomsavdelinga

Vi har ledig 80%  fast stilling som reinhaldar i eigedomsavdelinga  med verknad frå 01.07.2019. Stillinga kan ikkje delast.

Arbeidsoppgåver

Du vil bli tilsett i eigedomsavdelinga med heile kommunen som arbeidsplass, men for tida på Gloppen omsorgssenter. Arbeidstida må tilpassast drifta på arbeidsstaden, men vil i all hovudsak føregå i ordinær arbeidstid (dagtid)

Kvalifikasjonar

Vi søkjer primært etter ein medarbeidar med relevant fagbrev, men opnar likevel opp for at andre som manglar ønskt utdanning, men har fagleg bakgrunn innan reinhald og god kjennskap til moderne reinhald kan søkje. Den tilsette må ha praksis frå arbeid som reinhaldar. 
Vår nye medarbeidar må vere villig til fagleg utvikling, og vere med på å utvikle reinhaldstenesta i kommunen.
Det  som vert tilsett må ha førarkort for personbil.

Personlege eigenskapar

Vår nye medarbeidar må vere ansvarsbevisst, ha evne til samarbeid og kunne jobbe både sjølvstendig og i team. I tillegg vil vi legge vekt på at du er positiv, servicevennleg og stolt over å vere reinhaldar. Du må også vere motivert for ein utfordrande og spennande jobb. 
Vi vil legge stor vekt på at du kommuniserer godt og forstår norsk.

Vi tilbyr

Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale. 
For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader. 
Det må leverast politiattest før tiltreding. 


Gloppen kommune

Søknadsfrist

søndag 12. mai 2019

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.