SOMMARJOBB SOM MUSEUMSVERT

Vi søker museumsvertar til  Anders Svor Museum, Hornindal og Sogn Kunstsenter, Lærdal for sommarsesongen 2019

Søknadsfrist: 1. april 2019

Sogn og Fjordane Kunstmuseum er del av Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane. Museet forvaltar om lag 4500 kunstverk frå ca. 1900 og fram til i dag. Museet har fem driftseiningar:

·         Sogn og Fjordane Kunstmuseum (SFKM) i Førde,

·         Anders Svor Museum i Hornindal,

·         Astruptunet i Jølster,

·         Eikaasgalleriet i Jølster,

·         Sogn Kunstsenter i Lærdal (vidareføring av Gjesmegalleriet).

Vi søker museumsvertar til to av våre visningsarenaer:

Anders Svor Museum (sesong frå 22. juni til 1 september) og

Sogn Kunstsenter (sesong frå 15. juni til 11. august).

OM SOMMARENGASJEMENTA:

Engasjementa er deltids-/heltidsengasjement med varierande omfang.

Museumsvert: Som museumsvert er du formidlar av dei aktuelle utstillingane. Dine oppgåver vil blant anna være: vakthald, sal av billettar og produkt, formidling, kundehandsaming og mogleg omvisningar.

Vi søker deg som er: Interessert i kunst Ÿ Har formidlingsevne Ÿ Serviceinnstilt Ÿ Ansvarsbevisst Ÿ Positiv og engasjert Ÿ Fleksibel.

Krav til søkar og søknad:

Du må vere fylt 16 år. Søkarar over 18 år vil verte prioritera. Vi har inga øvre aldersgrense.

Du må beherske eit skandinavisk språk, samt engelsk.

Kunstfagleg bakgrunn er ønskeleg. Erfaring med formidling og kundebehandling samt ei interesse for kunst kan kompensere for manglande formell utdanning. Ved begge avdelingane er det kun ein museumsvert på jobb om gangen.

 Stillingane blir løna etter avtale, basert på landsovereinskomsten for museum (Virke).

Send oss ein søknad og CV på e-post til: hso@misf.museum.no. Ver venleg å oppgje kva for ei stilling du søker på, kven du er, og dine tidlegare erfaringar. Skriv òg perioden(e) du kan arbeide (frå og til dato(ar)).

Søknadane vil bli handsama etter kvart, og aktuelle kandidatar vil bli kontakta for intervju. Følg med på heimesida vår og Facebook, så er du oppdatert på kva som skjer!

For meir informasjon sjå heimesida vår www.sfk.museum.no, avd. Anders Svor Museum og Sogn Kunstsenter.

Spørsmål kan rettast til avdelingsdirektør Hanne Storm Ofteland, tlf. 486 29 759, e-post hso@misf.museum.no

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane

Søknadsfrist

mandag 1. april 2019

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.