Ferievikar i Bu og miljøtenesta, sommaren 2019

ME HAR LEDIG
Bu- og miljøtenesta treng ferievikarar i tida ca.01.06.19 - 18.08.19 i Grandane bufellesskap, Øvstetunsvegen bufellesskap, Uravegen bufellesskap og verna bustad Myri.

Vi ynskjer personar som har erfaring og/eller interesse for å arbeide med menneske med nedsett funksjonsevne.

Det er ulike turnusordningar i avdelingane. Nokon arbeider i kombinasjonsturnus med korte og lange vakter, medan ein i nokre tiltak berre arbeider lange vakter og medleverturnus.

Søkjarane bør helst vera over 18 år da det er turnusarbeid.

I nokre av tiltaka er det ein fordel å ha førarkort i klasse B, skriv om du har førarkort.

Politiattest vert kravd framlagt, jfr. Lov om helsetenester

SØKNADEN MÅ INNEHALDE:
Namn, alder, adresse
Kvalifikasjonar
Kva stilling og kvar du søkjer ( i prioritert rekkefølgje)
Skriv i søknaden om du har førarkort.

Løn vert utbetalt etter kvalifikasjonar og HTA.
Søkjarar må beherske norsk både munnleg og skriftleg.
Du må pårekne å arbeide heile ferieavviklinga. Dersom du skal avvikle ferie, må tidsrommet kome fram i søknaden.

Årdal kommune

Søknadsfrist

mandag 4. mars 2019

Søk stilling
Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.