Fagarbeidar i tekniske tenester

ME HAR LEDIG
100% stilling som fagarbeidar i tekniske tenester, utedrift.

ARBEIDSOPPGÅVER
Tekniske tenester har mellom anna ansvaret for drift og vedlikehold av kommunale vegar, grøntanlegg, leikeplassar, kyrkjegardar, vassforsyning, avløp og renovasjon.
Denne stillingen har arbeidsoppgåvene i hovudsak innafor utedrift på park.
Den som vert tilsett kan i periodar bli tildelt arbeidsoppgåver innafor heile tenesteområdet.

KVALIFIKASJONSKRAV
Me ser etter ein person som har fagbrev innan stell av park og grøntanlegg, men andre med erfaring kan og søkje. Den som vert tilsett må ha sertifikat i klasse BE, det er og ei føremon med maskinførarbevis M4.

PERSONLEGE EIGENSKAPAR
Personlige eigenskapar vil verte vektlagte og me søkjer etter; ein person som er serviceinnstilt, syner engasjement og vil vera med å fremma til eitt godt samarbeid og sjå gode løysingar.

LØN OG TILSETTINGSVILKÅR
Stillinga vert løna etter HTA, der utdanning og praksis vil verta lagt til grunn.
2 % vert trekt til tariffesta teneste pensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

Me tilbyr eitt godt arbeidsmiljø og engasjerte medarbeidarar

Årdal kommune

Søknadsfrist

mandag 25. februar 2019

Kontaktpersonar

Svein Ove Åmås

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.