Trainee innan klimatilpassing

Vestlandsforsking er eit forskingsinstitutt, og vi utfører forsking og utvikling for næringsliv og offentleg sektor. Vi er 30 personar i eit spennande fagmiljø som arbeider med forsking innan klima, miljø, energi, IKT, regional utvikling og reiseliv. Instituttet har lange tradisjonar med internasjonalt forskingssamarbeid, og vi utfører både regionale og nasjonale forskingsoppdrag. Vestlandsforsking held til ved Campus Sogndal i Sogn og Fjordane. Her er vi lokalisert i eit aktivt og innovativt miljø med både forsking, utdanning, idrett og entreprenørskap. Sogndal er kjend for fantastisk natur og gode forhold for aktivt friluftsliv sommar som vinter.  

Kunne du tenkje deg å forske på korleis vi kan løyse globale og lokale klima- og miljøutfordringar? I samarbeid med dei fremste forskingsinstitusjonane på området i Norge har Vestlandsforsking nettopp etablert Norsk senter for berekraftig klimatilpassing (NORADAPT). Senteret skal bidra til å styrke privat og offentleg sektor sin evne til tilpassing til klimaendringar. No har vi behov for fleire folk. Blir det deg?

Vi søkjer deg som er fagleg sterk og oppteken av å finne løysingar for tilpassing til klimaendringar.

Om stillinga

I traineestillinga vil du arbeide med fleire pågåande prosjekt innan forsking, utvikling og utgreiing som omhandlar spørsmål om tilpassing til klimaendringar. Oppgåver knytt til omstilling til eit lågutsleppssamfunn kan óg vere aktuelt. Du vil du inngå i faglege fellesskap på tvers av disiplinar og forskingsinstitusjonar i arbeidet med å få fram ny kunnskap, og korleis samfunnet kan nytte kunnskapen. Du vil vere med på både fagleg og administrativ gjennomføring av forskingsprosjekt, publisering og formidling av resultat og utvikling av nye prosjekt og prosjektsøknader.

Kven er du?

  • Vi søkjer etter ein dyktig og motivert trainee med utdanning på masternivå innan samfunnsfag. Du bør fortrinnsvis ha erfaring med både kvalitative og kvantitative metodar.
  • Du har samfunnsfagleg, naturvitskapleg og/eller teknologisk kompetanse og interesse for å arbeide med klimaendringar og klimatilpassing.
  • Vi legg vekt på gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og arbeidskapasitet, og du må ha god munnleg og skriftleg formuleringsevne både på norsk og engelsk.

Som trainee i Vestlandsforsking tilbyr vi deg

  • Spennande forskings- og utviklingsoppgåver.
  • Ein unik start på forskarkarriera.
  • Nettverk med forskarar, samarbeidspartnarar og oppdragsgjevarar.
  • Fagleg og personleg utvikling.
  • Ein mentor som følgjer deg opp.
  • Innsyn i eit mangfaldig og innovativt næringsliv og offentleg sektor.

Som Framtidsfylket Trainee får du

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane.
  • Fagleg og personleg utvikling.
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til.
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur i traineeperioden.   

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket Trainee

  • Minimum bachelor eller mastergrad.
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter endt studie.
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg.

Du vil ta del i Framtidsfylket Trainee sitt program frå august 2019 til august 2020.

Løn etter avtale. Arbeidsstad er Sogndal.

Vi ser fram til å høyre frå deg!

NB: Alle traineestillingane må søkjast på gjennom Framtidsfylket. Dersom du ikkje har brukar kan du registrere deg her.

Vestlandsforsking

Søknadsfrist

fredag 1. mars 2019

Søk stilling

Kontaktpersonar

Forskingsleiar Halvor Dannevig

Forskar og senterleiar for NORADAPT Carlo Aall

Direktør Merete Lunde

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.