Vikariat som kommunikasjonsrådgjevar

Sparebanken Sogn og Fjordane er den åttande største sparebanken i landet og har nær 50
prosent av marknaden i fylket. Banken har ein forvaltningskapital på ca 55 milliardar kroner og nær 300 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen.
Banken har no ledig eit vikariat som varer til 31. desember 2019 på Marknad og
kommunikasjonsavdelinga med snarleg tilsetting. Vi treng ein skrivefør, sjølvstendig og kreativ
person med kunnskap innan sosiale media.

Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak omfatte
Ansvar for innhaldsproduksjon og publisering på sosiale media
Skrive blogginnlegg og pressemeldingar
Dialog med eigarstiftingane våre rundt gåvetildelingar
Ansvar for ulike arrangement
Øvrig marknads- og kommunikasjonsarbeid

Til stillinga søkjer vi deg som
Har høgare utdanning og/eller relevant erfaring
Har kunnskap om sosiale media
Skriv korrekt og tydeleg nynorsk
Har ein god penn
Er engasjert
Har god vurderingsevne
Har gode kommunikasjonsevner
Kan arbeide både sjølvstendig og i team

Vi tilbyr
Ei spennande og utfordrande stilling med god moglegheit for personleg utvikling.
Løn etter avtale og fri pensjonsordning
Eit veldig godt arbeidsmiljø med gode kollegaer som vil ta godt imot deg
Kontorstad er Førde

For informasjon om stillinga, ta kontakt med Leiar marknad og kommunikasjon, Johanne
Viken Sandnes, tlf 959 21 208

Sparebanken Sogn og Fjordane

Søknadsfrist

søndag 20. januar 2019

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.