Butikkleiar Merchandise

Butikkleiar Merchandise

Flåm AS har ledig 100% fast stilling som leiar for våre butikkar innan Merchandise.

Me søkjer etter deg som ynskjer å vera med å bygge opp eit unikt konsept og produkt for gjester og reisande til våre desinasjonar.

Du er ein leiar som ynskjer å skape resultat og gode opplevingar for gjestene gjennom dine medarbeidarar og ditt engasjement.

For å lukkast i stillinga må du ha evne til å skape tillit og engasjement hjå dine medarbeidarar, ta ansvar for kvalitet, kundeservice og resultat og korleis varesortimentet vert presentert i butikkane.

Arbeidsoppgåver vil blant anna vere:

·        Motivere og utvikle team
·        Fokusere på gode kundeopplevingar
·        Bestilling og mottak av varer
·        Salsoppfølging og kostnadsstyring
·        Ansvar for omsetning og resultat

Me søkjer deg som:

·        Har relevant leiarerfaring
·        Skapar engasjement og tillit hjå dine medarbeidarar
·        Har erfaring innan sal og service
·        Har estetisk sans
·        Er genuint opptatt av kvalitet og kundeservice
·        Vert motivert av økonomiske resultat
·        Trivest med varierte arbeidsoppgåver

Det er eit krav at du må kunne norsk og engelsk munnleg og skriftleg, fleire språk vert sett på som ein føremon.

Me tilbyr konkurransedyktige lønsvilkår og gode karriere -og utviklingsmoglegheiter i ein ung og dynamisk organisasjon.

Tilsetting etter avtale.

Flåm AS

Søknadsfrist

fredag 25. januar 2019

Kontaktpersonar

Birgittha Sandstrom

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.