Feiar/ praksiskandidat

Arbeidsområde:

100% fast stilling som feiar vil vere knytt til avd. for Brann, feiing og redning. 
Stillinga vil inngå i feiarteamet som har ansvar for både brannsyn og feiing i heile kommunen. 

Primært vert det søkt etter utdanna feiar med fagbrev. Dersom det ikkje melder seg fagutdanna feiar vil Stryn kommune vurdere å tilsetje ein vaksen person som forplikter seg til å ta fagbrev som feiar, såkalla praksiskandidat.  

Praksistida vil bli fastsett ut frå utdanning og relevant praksis. Teoretisk og praktisk utdanning vil bli gjennomført på Brannskulen. Opplæringa skal vere i medhald av § 7-4 i «forskrift om organisering og dimensjonering av brannvesenet». Kvinner vert oppmoda om å søkje stillinga. Etter endt fagutdanning må vedkomande rekne med 2 års bindingtid.


Kvalifikasjonar for stillinga:

Primært krav om fagutdanning som feiar, men søkjarar utan formell utdanning vil og bli vurdert som ynskjer å ta fagbrev som feiar (praksiskandidat). Det vil vere ein føremun med anna relevant fagutdanning i botnen til dømes byggfag.

Personen som vert tilsett må like å arbeide med folk, ha gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar og vere motivert for å ta fagutdanning.  Gode datakunnskapar er viktig i jobben.
Den som vert tilsett må ikkje vere redd for å bli skitten og å være ute i aktivt arbeid.

Sertifikat kl.B

Søk her

Stryn kommune

Søknadsfrist

torsdag 31. januar 2019

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.