Sunnfjord Energi søkjer trainee innan analyse og utvikling

Sunnfjord Energi er ei lokal drivkraft som står for utbygging og vedlikehald av strømnett, produksjon av fornybar energi frå vasskraftverk og kraftsal. Vi ser etter ein Trainee eller fast tilsett som kan utvikle Sunnfjord Energi vidare innanfor analyse og digitalisering. Vi ser etter deg som føl med på teknologiutviklinga og som vil påverke og forme Sunnfjord Energi i framtida.

Energibransjen står i dag framfor store utfordringar og behov for å endre måten ein arbeidar på. I samband med AMS, sensorteknologi, større datamengder mm. ser vi behov for meir kompetanse  innan dataanalyse, statistikk, teknologi og digitalisering. 

Kven er du?

  • Du har stor interesse for faget og eit ynskje om å stadig vidareutvikle din kompetanse.
  • Du har bakgrunn innan softwareutvikling, elkraft, økonomi, IKT eller tilsvarande.
  • Du er nysgjerrig og lærevillig, og blir gira av utfordringar.
  • Du er sjølvstendig og strukturert, med gode kommunikasjonsevner.
  • Du er ein lagspelar som likar å jobbe på fleire fagfelt og er opptatt av å sjå resultat.
  • Du tek initiativ, har stå-på vilje og eit godt humør

Vi tilbyr deg

  • Oppfølging av eigen mentor.
  • Spennande arbeidsoppgåver med stort potensiale for personleg utvikling.
  • Gode moglegheiter for kurs og vidareutdanning
  • Høg gøy-faktor på traineesamlingar og på jobben
  • Høve til å søke på faste stillingar i Sunnfjord Energi

Arbeidsoppgåver

Sunnfjord Energi Nett har vore gjennom ei omstrukturering og etablert ei systemgruppe for å samle kompetanse på fagsystem. Avdelinga skal ytterlegare utviklast med tanke på framtidige behov for digitalisering og automatisering. Som trainee innanfor analyse og utvikling vil ein:

  • Jobbe tett opp mot andre avdelingar i selskapet og leverandørar på fagsystem.
  • Være med å bygge opp og utvikle kompetansegruppe innanfor fagområdet.
  • Jobbe i eit tverrfagleg team der ein vil jobbe med utvikling av eksisterande og nye system og digitale verktøy.
  • Analysere og predikere data for effektivisering og forbetring av den dagleg drifta. 

Som trainee i Sunnfjord Energi blir ein ikkje bare satt på eit kontor, men ein vil bli ein sentral del av selskapet og får ta del i den vidare utviklinga. Sunnfjord Energi kan tilby eit ungt miljø med mange nytilsette dei siste åra og ulike aktivitetar og samlingar gjennom året. Fleire av dei nytilsette starta karrieren sin som trainee i Sunnfjord Energi og har no viktige roller i selskapet. 

Som Framtidsfylket Trainee får du

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til 
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket Trainee

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter endt studie
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

Traineeordninga går frå august til august. 
NB: Alle traineestillingane må søkast på gjennom Framtidsfylket. Dersom du ikkje er brukar kan du registere deg her.


Sunnfjord Energi

Søknadsfrist

fredag 1. mars 2019

Søk stilling

Kontaktpersonar

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.