Tibber søker trainee innan utvikling

Tibber er verdas første heildigitale straumselskap. Vi erstattar det klassiske straumselskapet med ein app som automatisk handlar beste prisar på straum og brukar kul teknologi for å redusere forbruket. Vår misjon er å redusere straumforbruket i Europa med 20% og tilby den beste teknologien for at vanlege hus kan bidra til ei fornybar framtid. Dette skal vi gjere ved å utfordre dei gamle spelarane og tilby heilt nye opplevingar til kundane våre.Tibber er i dag eit team på 15 personar, og har kundar i Sverige og Norge. Dei neste månadane vil selskapet etablere seg i nye marknadar i Europa. Selskapet har god finansiering, blant anna gjennom investorar som Petter Stordalen, BKK InVest og svenske Wellstreet. No skal vi utvide teamet vårt i Førde for å fortsetje veksten. Kjenner du nokon som er klare for eit eventyr? Kanskje det er deg?

Vi søker leikande, eventyrlystne oppdagarar, nerdete spesialistar og deg som kan skape vanvittig gode opplevingar for kundar.

Om stillinga

Produktet og kundeoppleving er to sider av same sak. Vi bygger ei digital oppleving og vi legg stor vekt på detaljane i opplevinga. Det skal vere enkelt å bruke, lite friksjon og gje brukaren følelsen av: “kvifor har ikkje alle andre gjort dette før?”.

Tibber utviklar heile si plattform sjølv. Vi nyttar Amazon Web services som infrastruktur og byggjer programvare etter prinsippet om micro services. Stikkord om kva teknologiar og verktøy vi nyttar i utvikling av Tibber:  .Net Core, Python, Node JS, numerisk matetmatikk, algoritmer og machine learning.

Personlege eigenskapar

  • Du har ei kick-ass haldning
  • Du gir jernet, fordi du diggar programvare som handverk
  • Du seier det du meiner

Vi kan tilby deg

  • Vestlandets mest spennande arbeidsplass
  • Muligheten til å vere med på eit eventyr
  • Lønn og aksjar/eigarskap i selskapet på same vilkår som investorar har kjøpt seg inn på
  • Ein garanti om hardt arbeid og mykje latter

Som Framtidsfylket Trainee får du

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til 
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket-trainee

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter enda studium
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

Tilsetting: August 2019 til august 2020. 

NB: Alle traineestillingane må søkjast på gjennom Framtidsfylket. Dersom du ikkje har brukar kan du registrere deg her.

Tibber

Søknadsfrist

fredag 1. mars 2019

Søk stilling

Kontaktpersonar

Edgeir Aksnes

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.