Ledig vikariat som bioingeniør / helsesekretær i 70% stilling

Vi har ledig 70% vikariat som bioingeniør/helsesekretær ved Gloppen legesenter med tilsetjing frå snarast. Mogleg forlenging eller fast stilling seinare. 

Gloppen legesenter ligg på Sandane. Det er tilsett seks fastlegar, turnuslege, 2 helsesekretærer, bioingeniør og 2 sjukepleier. Legesenteret er kommunalt og bygd i 2012. Lokala er lyse med utsikt utover fjorden frå kontoret.

Arbeidsoppgåver

  • Den tilsette vil få ansvar for blodprøvetaking og anna laboratoriearbeid.

Kvalifikasjonar

  • Primært bioengeniør eller helsesekretær, men andre med relevant bakgrunn kan også søkje. 
  • Vi ynskjer ein person som er ansvarsbevisst, sjøvstendig og som kan jobbe i team. 
  • Gode norsk-kunnskapar, personlege eigenskapar, interesse og kunnskap innan IKT vert vektlagt.

Vi tilbyr

  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale. 
  • For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader. 
  • Det må leverast politiattest før tiltreding

Med bakgrunn i pågåande budsjettbehandling og nedbemanning i kommunen, vert det teke atterhald om at andre tilsette kan ha førerett til stillinga.

Gloppen kommune

Søknadsfrist

tirsdag 18. desember 2018

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.