Økonomisjef

Vi har ledig 100% fast stilling med tiltreding så snart som råd. 

Vi søkjer ein økonomisjef som skal ha det operative ansvaret for å leie og koordinere den samla økonomistyringa i kommunen (budsjett, økonomiplan og rekneskap), med tilrettelegging for gode prosessar, rapportering, økonomiske analysar og oppfølgjing av politiske vedtak. I tillegg skal du vere ein aktiv bidragsytar i utviklings- og forbetringsprosessar i kommunen.

Arbeidsoppgåver

  • Overordna budsjett- og økonomistyring 
  • Yte fagleg støtte til tenesteområda og budsjettansvarlege
  • Koordinere det daglege arbeidet knytt til rekneskap og budsjett
  • Løpande økonomirapportering internt og eksternt
  • Finansforvaltning, innkjøp og innkjøpsavtaler
  • Saksbehandling innen ansvarsområdet
  • Personalansvar

Kvalifikasjonar

  • Høgare økonomisk utdanning
  • Erfaring frå tilsvarande arbeid, helst innan kommunal sektor.
  • Leiarerfaring 
  • Gode IT-kunnskapar
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Analytisk, strukturert og resultatorientert
  • Evne til samarbeid og sjølvstendig arbeid

Utdanningsnivå

  • Høgskule/Universitet

Vi tilbyr

  • Lønn etter avtale.
  • For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader.

Gloppen kommune

Søknadsfrist

mandag 31. desember 2018

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.