Strukturplast/Bano-gruppen søker trainee innan økonomi og rekneskap

Strukturplast AS er eit selskap i Banogruppen med totalt 150 tilsette, der 50 har sin arbeidsstad på Sandane. Gruppa omset for 300 millionar kvart år, har solid økonomi og er i sterk vekst. Banogruppen vil i april 2019 flytte inn i nye kontor og ikkje minst ny fabrikk på Sandane. Gruppa har kontor i alle nordiske land, i tillegg til fabrikkar både i Noreg og Sverige.

Som trainee i Strukturplast/Bano-gruppen tilbyr vi deg:

  • Varierte arbeidsoppgåver i ei offensiv bedrift.
  • Praktisk og spennande opplæring i både rekneskap og finans.  
  • Opplæring på kontor og i fabrikk på Sandane. 
  • Opplæring på fabrikk i Sverige. 
  • Opplæring ved kontora i Oslo og Bergen. 
  • Stillinga inngår i Strukturplast/Bano si rekneskapsavdeling. 

Arbeidsstad er Sandane i Nordfjord, men noko reiseaktivitet må påreknast til ulike avdelingar i Stockholm, København, Oslo, Töcksfors (Sverige) og Bergen.

Kvalifikasjonar

  • Utdanning innan økonomi/rekneskap. 
  • Du må vere strukturert og like å jobbe både sjølvstendig og i team. 
  • Du må vise engasjement for jobben, og vere villig til å stå på i hektiske periodar.

Som Framtidsfylket-trainee får du

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til 
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket-trainee

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter enda studium
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

Du får 

  • Ei stilling i ei internasjonal industrigruppe i vekst, med stort potensiale og ein solid økonomi. 
  • Du får jobbe i eit godt arbeidsmiljø med høg kompetanse, i ein region som gir deg mange moglegheiter til å dyrke friluftsinteresser. 
  • Du får gode utviklingsmoglegheiter og konkurransedyktige vilkår.

Tilsetting: August 2019 til august 2020. Det er mogleg å starte tidlegare med arbeidsoppgåver som ligg utanfor trainee-ordninga. Eksempelvis våren 2019.

NB: Alle traineestillingane må søkjast på gjennom Framtidsfylket. Dersom du ikkje har brukar kan du registrere deg her.

Bano AS, avd Sandane

Søknadsfrist

march 01, 2019 23:59

Søk stilling

Kontaktpersonar

Tommy Gustav El Sayed

Cookies help us deliver our services. By using our services, you agree to our use of cookies.