Norec (Fredskorpset) søker trainee innan internasjonal utvikling

Tidlegare Fredskorpset (no Norec) er eit statleg forvaltningsorgan under Utanriksdepartementet og er ein verdibasert arbeidsplass med engasjerte og kunnskapsrike kollegaer i eit dynamisk miljø. Hausten 2018 opna Fredskorpset nye kontor i Førde og fekk samtidig nytt namn; Norsk senter for utvekslingssamarbeid, Norec. 

Hovudoppgåva til Norec er forvaltning av tilskot til internasjonale partnarskap som jobbar med utveksling av frivillige og tilsette. I 2017 var 200 organisasjonar og verksemder frå 24 forskjellige land involvert i 67 ulike partnarskap. Til saman utveksla desse partnarskapa 620 menneske mellom land i Afrika, Asia, Latin-Amerika og Norge. Som Norec skal vi bygge opp eit nasjonalt kompetansesenter for utveksling, nettverksbygging og utvikling av unge leiarar.

No ønskjer vi å ha ein trainee med på laget. Er du eller kjenner du nokon som er klare for å jobbe med internasjonale spørsmål frå Førde? Vi søker nysgjerrige og kunnskapslystne nyutdanna som vil vere med å utvikle Norec til eit nasjonalt kompetansesenter for internasjonalt utvekslingssamarbeid. 

Som trainee i Norec vil du

  • Først og fremst få prøve deg innan leiarstøtte
  • Du vil også jobbe med tilskotsforvaltning, kursverksemd, nettverksbygging og kommunikasjon
  • Du vil jobbe tett på flinke og dedikerte fagfolk som brenn for sine felt

Stillinga vil gi deg en unik forståing av både styring av ei statleg verksemd, og utveksling som et utviklingspolitisk verktøy på den internasjonale arenaen. 

Personlege eigenskapar

  • Relevant høgare utdanning
  • Svært gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Andre språk vil vere ein fordel
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evne til å jobbe sjølvstendig, med god prioriteringsevne

Vi kan tilby deg

  • Ei spanande moglegheit til å være med på å utvikle Norec; eit kompetansesenter for utvekslingssamarbeid
  • Personleg og fagleg utvikling
  • Eit godt arbeidsmiljø med positive og ambisiøse kollegaer
  • Gode velferdsordningar og fleksibel arbeidstid
  • Trening i arbeidstida

Som Framtidsfylket Trainee får du

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til 
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket Trainee

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter endt studie
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

NB: Alle traineestillingane må søkast på gjennom Framtidsfylket. Dersom du ikkje har brukar kan du registere deg her.

Norec (Fredskorpset)

Søknadsfrist

fredag 1. mars 2019

Søk stilling

Kontaktpersonar

Morten Rørvik

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.