Årdal kommune søker trainee: sjukepleiar

Helse- og omsorgstenesta i Årdal kommune skal gje teneste til brukarar i heimen eller ved sjukeheim/bufelleskap. Kommunen har to sjukeheimar med tilsaman 50 plassar. Korttidsavdelingamed 9 plassar er eiga avdeling ved Årdal bu og omsorgssenter. Pasientgruppa ved avdelinga krev sjukepleiekompetanse. Heimetenestayter ordinær omsorgsteneste, rehabillitering og palliasjon. I tillegg har me ressursgrupper innan demens, kreft og lungesjukdom. Me gjev også teneste til pasientar med psykisk liding og til brukarar som treng utviklingsteneste.

Det er tilsaman 247 tilsette i tenesta fordelt på ca 194 årsverk. Det er tredelt turnus ved institusjonane, ved korttidsavdelinga er det langvakter. I nokre av tiltaka knytt til pasientar med utviklingshemming er det medleverturnus.

Med traineestilling som sjukepleiar får du
  • Jobbe på fleire arbeidsstader for å få eit innblikk i ulike arbeidsområde innan sjukepleiefaget
  • Traineetida gjer det mogeleg for deg å kunne arbeide med interessante og varierte arbeidsoppgaver, samt utvikle din sjukepleiefaglig kompetanse
Me ser etter deg som
  • er nyutdanna sjukepleiar og stolt av yrket ditt
  • ynskjer  faglige utfordringar og variasjon i arbeidet
  • er lærevillig, strukturert og oppteken av å fullføre oppgåver
  • har engasjement for pasientane
  • er utadvendt og har godt humør 
  • er sjølvstendig samstundes som du samarbeider godt med andre
  • har gode kommunikasjonsevner og norskkunnskap

Personeleg eigenskapar vil bli vektlagt. Det vert krevd godkjend politiattest.

Me kan tilby
  • Fast 100 % stilling – også etter at traineeperioden er over
  • Høg fagkompetanse og godt læringsmiljø
  • Løn etter tariff
  • God pensjons- og forsikringsordning
Som Framtidsfylket Trainee får du
  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur
Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket Trainee 
  • Minimum bachelor- eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter endt studie
  • Norsk som arbeidsspråk – munnleg og skriftleg 

NB: Alle traineestillingane må søkast på gjennom Framtidsfylket. Dersom du ikkje har brukar kan du registere deg her.

Årdal kommune

Søknadsfrist

fredag 1. mars 2019

Søk stilling

Kontaktpersonar

Hilda Nese

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.