Melin søker to trainear innan fleire spennande fagfelt

Melin-konsernet er ein internasjonal leverandør av betalings- og administrasjonsløysningar. I meir enn 10 år har vi stått i spissen for digital innovasjon innan helse og trening i Skandinavia. No er vi også med på å definere morgondagens teknologi for betaling og sjølvbetjening innanfor ei rekkje andre bransjar som blant anna bilutleige, gåvekort, ferjer og hamnar i 14 land verda over. 

Ved hjelp av sjølvbetjening og automatisering kan løysningane våre frigjere manuelle ressursar frå tyngande papirarbeid og forenkle arbeidskvardagen til både kundar og partnarar.

Organisasjonen består av offensive og engasjerte medarbeidarar, og no søkjer vi nettopp deg til å vere med oss på reisa vidare! 

Kva skal du jobbe med?

Vi er eit selskap i vekst og ser etter ein person som har kunnskap om og er motivert til innsats innan eit eller fleire områder som:

  • Kundeservice og kundebevaring  
  • Digital marknadsføring og kommunikasjon 
  • Programmering og CRM-utvikling
  • Internasjonalisering
  • Forretningsutvikling

Kven er du?

  • Du er nyutdanna eller har vore eit par år i arbeidslivet
  • Du er stolt av fagkompetansen din og er fagleg sterk
  • Du er kvalitetsbevisst og ambisiøs
  • Du tek initiativ og har sterk gjennomføringsevne
  • Om du i tillegg har eit smil på lur og eit engasjement som smittar – då vil vi gjerne høyre frå deg!

Som Framtidsfylket Trainee får du

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til 
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket Trainee

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter endt studie
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

Kvar skal du jobbe?

Hovudarbeidsstaden er Sandane eller Førde, men vi har også eit stort kontor i Oslo. Vi trur du er tent med litt reising slik at du vert kjend med vår organisasjon på best mogleg måte.

Tilsetjing: august 2018 til august 2019

Lønn etter avtale

NB: Alle traineestillingane må søkjast på gjennom Framtidsfylket. Dersom du ikkje har brukar kan du registere deg her.

Melin Medical

Søknadsfrist

fredag 1. mars 2019

Søk stilling

Kontaktpersonar

Ingvill Hestnes

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.