Erfaren VA-ingeniør i Nordfjordeid

Vi er inne i ei positiv utvikling med aukande oppdragsmengd, og søkjer difor etter erfarne VA-ingeniørar til Nordfjordeid/Ålesund.

Arbeidsoppgåver:

  • Overordna planlegging og detaljprosjektering av overvassløysingar, vatn og avløp
  • Utarbeide beskrivelser og konkurransegrunnlag
  • Prosjekterings- og fagansvar i tverrfaglege prosjekt
  • Prosjektleiing av VA-prosjekter
  • Oppfølging på byggeplass:

Kvalifikasjonar:

  • Vi ønsker deg med minst 5 års erfaring frå VA-faget.
  • Ingeniør/sivilingeniør frå høgskule/universitet
  • Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner på norsk.
  • Det er ein fordel om du har erfaring i bruk av prosjekteringsverktøy (Autocad, NovaPoint VA og G-prog)

Personlege eigenskapar:

  • Gode kommunikasjonsevner i norsk, munnleg og skriftleg
  • Fagleg initiativrik og ansvarsbevisst
  • Gode samarbeidsevner og dyktig lagspiller
  • Evner å finne løysningar og gjennomføre dei
  • God forståing for heilheita, initiativrik og løysingsorientert

Vi tilbyr:

  • Fagleg interessant miljø med mot, glød og respekt som våre kjerneverdiar
  • Dyktige og hyggelege kollegaer
  • Konkurransedyktig lønn
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Studieturar, fagsamlingar og ulike sosiale arrangement  

Hos oss vil du få varierte og krevjande arbeidsoppgåver, både med sjølvstendige oppdrag for byggherre, og som del av team. Vi har eit supert arbeidsmiljø, med godt samhold i gruppa og gode relasjonar til resten av organisasjonen. Du vil få høve til å delta i utviklinga av gruppa slik at vi når våre mål om fortsett vekst.
 
Spørsmål kan rettast til:
Dagleg leiar Arne Steinsvik - tel. 917 02 150 eller
Fagansvarleg infrastruktur Ola Forren Sørensen – tel. 940 18 277 / epost: ofs@nordplan.no

Søknadsfrist 15. desember.
Vi er fleksible med omsyn til arbeidsstad. Aktuelle arbeidsstadar kan også vere Ørsta og Stryn.

Søknad og CV sendast til post@nordplan.no eller Nordplan AS, Pb 224, 6771 Nordfjordeid

Nordplan AS

Søknadsfrist

lørdag 15. desember 2018

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.