Erfaren byggeleiar / prosjektleiar avd. Førde

Vi er inne i ei positiv utvikling med aukande oppdragsmengd, og søkjer difor etter erfaren byggeleiar/prosjektleiar til Førde og/eller Ålesund.


Arbeidsoppgåver:

  • Byggeleiing
  • Prosjektleiing
  • Prosjekteringsleiing
  • Oppfølging av fleire store prosjekt gjennom rammeavtale med Helseforetaka og kommunar

Kvalifikasjonar:

  • Vi ønsker deg med minst 5 års erfaring som byggeleiar/prosjektleiar
  • Lang erfaring innanfor byggeleiing, prosjektleiing eller prosjekteringsleiing frå bygg- og anleggsbransjen.
  • Ingeniør/sivilingeniør frå høgskule/universitet
  • God teoretisk og praktiske kompetanse innan bygg og anlegg
  • Solid erfaring med prosjektgjennomføring (fag eller leiing), kontrakt- og entrepriseadministrasjon, planlegging og økonomi.
  • Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner på norsk.
  • Du må ha klare leiareigenskapar, og kunne samarbeide godt med oppdragsgivar og entreprenør. Som type er du løysingsorientert og flink til å kommunisere med- og motivere andre menneske.

Personlege eigenskapar:

  • Gode kommunikasjonsevner i norsk, munnleg og skriftleg
  • Fagleg initiativrik og ansvarsbevisst
  • Gode samarbeidsevner og dyktig lagspiller
  • Evner å finne løysningar og gjennomføre dei
  • God forståing for heilheita, initiativrik og løysingsorientert

Vi tilbyr:

  • Fagleg interessant miljø med mot, glød og respekt som våre kjerneverdiar
  • Dyktige og hyggelege kollegaer
  • Konkurransedyktig lønn
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Studieturar, fagsamlingar og ulike sosiale arrangement

Hos oss vil du få varierte og krevjande arbeidsoppgåver, både med sjølvstendige oppdrag for byggherre, og som del av team. Vi har eit supert arbeidsmiljø, med godt samhold i gruppa og gode relasjonar til resten av organisasjonen. Du vil få høve til å delta i utviklinga av gruppa slik at vi når våre mål om fortsett vekst.

Spørsmål kan rettast til: 

Dagleg leiar Arne Steinsvik - tlf. 917 02 150 eller 
Fagansvarleg prosjektadministrasjon Frode Hjelmeland – tlf. 459 75 951 / epost: fh@nordplan.no
Søknadsfrist 15. desember.

Vi er fleksible med omsyn til arbeidsstad.

Søknad og CV sendast til post@nordplan.no eller Nordplan AS, Pb 224, 6771 Nordfjordeid

Nordplan AS

Søknadsfrist

lørdag 15. desember 2018

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.