PwC søker trainee innan rådgjeving og revisjon

Er du ein som vil litt meir?
Har du lyst til å bidra til lokal verdiskapning?
Har du lyst til å kunne lære av fantastiske kollegaer med fagleg tyngde og brei erfaring? 

Då er PwC ein arbeidsplass for deg! 

Kven er vi?
PwC i Nordvest er det leiande miljøet i vår bransje. Vi arbeider målretta med å bygge lokal kompetanse, og har eit tverrfagleg og hyggeleg miljø med ca 80 rådgjevarar, revisorar og advokatar. Vi er tilstades på fleire lokasjonar i fylket vårt og nabofylket - og har kontor i Førde, Florø, Måløy, Stryn, Sogndal, Ulsteinvik, Molde og Ålesund. Hos oss er det viktig med ein kombinasjon av tenestekompetanse og bransjeerfaring. Fleire av våre kundar er leiande aktørar i sine bransjar lokalt, regionalt og nasjonalt. 

Kva kan vi tilby deg?
Ei trainee-stilling hjå oss vil gje deg dei beste føresetnadane for å forme den karriera du sjølv ynskjer deg. Frå dag ein blir du utrusta med nyttige verktøy og vil på kort tid få innsikt i og erfaring frå eit breidt spekter av fagområder og bransjar. 

Vi trur at menneske må få rom til å utvikle seg om dei skal trivast på lang sikt. I PwC får du eit stimulerande og utviklande arbeidsmiljø, der vi har sett fagleg og personleg utvikling i system. 

Er du PwC?
Du må kunne vise fagleg dyktigheit og god teoretisk forståing i økonomiske og/eller teknologiske fag. Utover det vurderer vi kandidatar med ulik bakgrunn, og ser på mangfold som eit konkurransefortrinn! Du må i tillegg ha velutvikla analytiske eigenskapar, forretningsforståing, og kunne sette deg inn i komplekse problemstillingar på kort tid. 

PwC er avhengig av tillit hos våre kundar for at vi saman skal kunne skape verdiar og utgjere ein forskjell i samfunnet. Derfor bør du også ha evna til å byggje relasjonar med sentrale nøkkelpersonar på ulike nivå. Sist, men ikkje minst, må du kommuniserer godt på norsk og engelsk. 

Som Framtidsfylket Trainee i PwC får du

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket Trainee

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt 3 års arbeidserfaring
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

NB: Alle traineestillingane må søkast på gjennom Framtidsfylket. Dersom du ikkje har brukar kan du registere deg her.

PwC

Søknadsfrist

march 01, 2019 23:59

Søk stilling

Kontaktpersonar

Bjørg Anita Espe

Cookies help us deliver our services. By using our services, you agree to our use of cookies.