Intin søker trainee innan smarthusteknologi

Tingenes Internett, Internet of Things (IoT) eller intelligente ting. Alle er dei nye omgrep for å beskrive produkt som skal gjere kvardagen vår enklare og tryggare. Smarthus, velferdsteknologi og «wereables». Trådlaust, brukarvennleg og tilgjengeleg for folk flest

INTIN AS har ei klar målsetting om å bli ein leiande faghandel i Norge på ny smarthusteknologi. Vårt slagord «enklare og tryggare» skal gjelde både det produktet som sluttbrukar får, og det som vi leverer av produkt og tenester til bustadleverandørar og installasjonsbedrifter. Vi har i dag fleire store kundar og innovative samarbeidspartar i vår portefølje. Sjå meir på intin.no/karriere

Kva skal du jobbe med?

INTIN jobbar mot bedriftsmarknaden og er bufferen for våre kundar i val av system. Du skal være Early Adaptor på ny teknologi og teste ut løysingar. Val av løysingar, kvalitetssikring, integrasjon mellom system, utvikling og tilpassing av brukargrensesnitt vil vere ein del av jobben. Målsettinga er å levere høg kvalitet til rett pris. Du er med å prosjektere og sette opp løysingar for installasjonsbedrifter, husentreprenørar og bustadforvaltarar. Alt frå enkle bustadar til flåtestyring av 6-7000 einingar

Kva eigenskapar har du?

  • Du er oppdatert på ny teknologi og aktiv på teknologiforum
  • Du har over snittet gode språkferdigheiter i minimum norsk og engelsk
  • Du tek initiativ og har sterk gjennomføringsevne
  • Du skapar gode kunderelasjonar gjennom dialog, fagleg kompetanse og ved å halde avtalar

Vi kan tilby deg

  • Jobb i teknologiklynga PEAK Sunnfjord med fleire andre Traineear i same fellesskap.
  • Vere med å bygge eit teknologiselskap i vekst
  •  Veldig kjekke kollegaer der alle heiar på kvarandre og på INTIN
  • Attraktiv løn og bonusordning.
  • Sykkel eller Randonee ski og naturopplevingar i toppklasse
Som Framtidsfylket-trainee får du
  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til 
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur
Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket-trainee
  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter enda studium
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

NB: Alle traineestillingane må søkast på gjennom Framtidsfylket. Dersom du ikkje har brukar kan du registere deg her.

INTIN AS

Søknadsfrist

fredag 1. mars 2019

Søk stilling

Kontaktpersonar

Rune Viken

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.