Bystøl søker trainee innan byggteknikk

Nkusi eller Nessane? Bystøl AS er eit rådgjevande ingeniørfirma innan bygge- og anleggsteknikk med 17 tilsette. Bystøl er eit uavhengig selskap eigd av dei tilsette med hovudkontor i Vik i Sogn. Hovudaktiviteten er detaljprosjektering av småkraftverk. Hovudvekta av oppdrag er på Vestlandet, men me arbeider også i land som Uganda, Rwanda og Indonesia. Bystøl AS har prosjektert over 65 kraftverk med samla årsproduksjon på over 750GWh og me har mange fleire på gang.  Sjå meir på: www.bystol.no

Vi søker byggingeniør trainee!

Bystøl AS søkjer etter ingeniør eller sivilingeniør innan byggteknikk til vårt kontor i Vik i Sogn. Me kan tilby oversiktleg og fleksibelt arbeidsmiljø med kort veg til sjefen. Du har stor fridom til å styra eigen arbeidsdag, og du kjem til å arbeida med spennande og utfordrande arbeidsoppgåver innan vasskraft og byggebransjen. Me er spesielt interesserte i deg som kan BIM eller er god på vassdragsteknikk, konstruksjonsteknikk eller anleggsteknikk.  

Felles krav til alle som søkjer Framtidsfylket Trainee:

  • Fullført bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter endt studie
  • Norsk som arbeidsspråk – munnleg og skriftleg

Som Framtidsfylket Trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre trainear i bedrifter i Sogn og Fjordane
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsikt i eit mangfaldig næringsliv 
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

NB: Alle traineestillingane må søkast på gjennom Framtidsfylket. Dersom du ikkje har brukar kan du registere deg her.

Bystøl AS

Søknadsfrist

march 01, 2019 23:59

Søk stilling

Kontaktpersonar

Jens A. Melheim

Cookies help us deliver our services. By using our services, you agree to our use of cookies.