Sekretær ved Hauge oppvekst

Ved Hauge oppvekst blir det ledig ei 75% fast stilling som sekretær.

Arbeidsoppgåvene er m.a. arkivering, fakturabehandling, arbeid med timelister og saksbehandling.
Vi søkjer etter deg som har utdanning/erfaring innan merkantilt arbeid. Du er ryddig, fleksibel, serviceinnstilt og har gode samarbeidsevner. Gode datakunnskapar er naudsynt. Det vil bli gjeve opplæring i dataprogram som vert brukt til administrasjon av oppvekstsentra.
Gode norskkunnskapar vert vektlagt.
 
Bremanger kommune kan tilby: 
Løn etter avtale
God pensjonsørdning og heildøgns forsikring
Tilsetjing etter gjeldande lover og reglar
Hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass
Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.
Søkjarar som ønskjer unntak frå offentleg søkjarliste må grunngje dette særskilt i eige dokument sendt til post@bremanger.kommune.no eller Bremanger kommune, pb 104, 6723 Svelgen.  
Alle søkjarar til ledig stilling i Bremanger kommune må registrere CV og sende søknad elektronisk.

Bremanger kommune

Søknadsfrist

søndag 6. januar 2019

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.