Miljøterapeut i psykisk helse

Ved psykisk helse i Bremanger kommune er det ledig eit årsvikariat i 80% frå snarast. Det kan òg verte ledig ei 100% fast stilling frå 01.02.2018. 

Vi søkjer etter ein person med høgskuleutdanning som sosionom, sjukepleiar eller anna relevant utdanning og erfaring.
Helsefagarbeidarar med relevant utdanning kan og søkje.
Den som vert tilsett må:
kunne nytte norsk munnleg og skriftleg
ha førarkort
legge fram politiattest av nyare dato
Bremanger kommune kan tilby: 
Løn etter avtale
God pensjonsørdning og heildøgns forsikring
Tilsetjing etter gjeldande lover og reglar
Hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass
 
For nærare opplysningar, ta kontakt med driftssjef Anita Brevik tlf 95982939.
 
Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.Søkjarar som ønskjer unntak frå offentleg søkjarliste må grunngje dette særskilt i søknadsteksten i søknaden. 
Alle søkjarar til ledig stilling i Bremanger kommune må registrere CV og sende søknad elektronisk.

Bremanger kommune

Søknadsfrist

søndag 6. januar 2019

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.