Psykolog - 100 % fast stilling

Solund kommune har som målsetjing at vi skal arbeide førebyggjande, målretta, tverrsektorielt og koordinert, til det beste for innbyggjarane.
For å styrke det tverrfaglege arbeidet i høve tidleg innsats, førebyggjande arbeid og lågterskel tilbod har Solund kommune oppretta 100% fast stilling frå 01.01.2019. Vi er på jakt etter deg som er psykolog og som kan tenkje deg å bli vår nye kollega. Teamet som du blir ein del av, har stort fokus på born- og unge sine behov.

I Solund kommune legg vi vekt på å ha gode og tilpassa tenester til innbyggjarane våre. Vi har ei framtidsretta pleie- og omsorgsteneste, høgt fagleg nivå og opererer ikkje med venteliste. Pasientane vaknar kvar morgon til nybakt brød frå eige kjøken, der kortreist mat er det som gjeld. Kommunal fysio- og ergoterapiteneste, dagtilbod til ulike brukargrupper. Eiga legevakt med dyktige legar, der vi også driftar vår eiga ØHD seng.
Psykologen vil være samlokalisert med den øvrige helsetenesta, og ha helse- og omsorgsleiar som sin næraste overordna.

Arbeidsoppgåver

  • Fagansvar for rus og psykiatri.
  • Drive almenpraksis med utreiing, diagnostisering og behandling/oppfylging.
  • Kartlegging av barn, unge og familie med fokus på tidleg innsats.
  • Bidra i arbeidet med å vidareutvikle kommunen sine tenester med fokus på lågterskeltilbod, tidleg innsats og
  • barn og unge si psykiske helse.
  • Rettleiing og opplæring av tilsette i dei ulike tenestene.
  • Delta i ulike samarbeidsfora internt i kommunen og med eksterne partar.

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjent/autorisasjon som psykolog.
  • Gode skriftelege og munnlege norskkunnskapar.
  • I tråd med lov om helsepersonell er det krav om godkjent politiattest ved oppstart i stillinga.

Personlege eigenskapar

  • Evne til å ta initiativ og være løysingsorientert.
  • Evne til å kommunisere og samarbeide tverrfagleg.
  • Evne til å arbeide både sjølvstendig og i team.
  • Evne til å arbeide fleksibelt, målretta og strukturert.
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt i stor grad.

Vi tilbyr

  • Eit godt fagleg og sosialt miljø.
  • Variert, tverrfagleg samarbeid.
  • Utfordrande og sjølvstendige arbeidsoppgåver.
  • Rettleiing, kurs og kompetanseheving.
  • Tilsetjing på kommunale vilkår og god pensjonsordning gjennom KLP.
  • Løn etter avtale.
  • Kommunen kan hjelpe med å skaffe bustad, samt bidra til å formidle kontakt til arbeidsgjevarar for evt. partnar. Solund kommune har for tida ledige stillingar som helse- og omsorgsleiar, sjukepleiar og helsefagarbeidar.


Andre opplysningar

Du må rekne med å måtte reise noko i samband med jobben.

For å søkje på stilling hjå Solund kommune må du registrere CV og sende søknaden elektronisk. Dette gjer du ved å opprette ein eigen brukaridentitet og eit passord i WebCruiter. Du finn meir informasjon om søknadsprosessen på www.solund.kommune.no 

Solund kommune

Søknadsfrist

søndag 30. desember 2018

Kontaktpersonar

Åse-Iren Korneliussen, helse- og omsorgsleiar

Yvonne Bell, personalrådgjevar

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.