Sjukepleiarstilling - fast og vikariat

Er du utdanna sjukepleiar og vil jobbe i flotte Aurland? Aurland kommune har ledig 100% fast stilling og 100% vikariat som sjukepleiar i heimesjukepleien. Vi ynskjer å satse på ungdom og har i år for første gong tilsett trainee innan arealplanlegging. Som rekrutteringstiltak for sjukepleiarar tilbyr vi kr 20.000 i tillegg til grunnlønn etter ansiennitet. 

Arbeidsoppgåver

- legemiddelhåndtering og administrering
- dokumentasjon i journalsystemet gerica -
- lifecare Mobil Pleie (LMP) er programvare som vert brukt for å gjere dagleg dokumentalsjon i 
gerica medan du er hjå brukar
- startar opp med kvardagsrehabilitering i haust
- pasientansvarleg sjukepleiar
- e-link meldingsutveksling
- tverrfagleg samarbeid
- oppgåver delegert frå avdelingsleiar
- hjelpe brukar i eigen heim

Me søkjer deg som:

- er motivert til å jobbe innan heimesjukepleie
- arbeider sjølvstendig og målretta og samarbeider med andre
- kan sjå løysingar og sammanhengar
- kan iverksetje, følge opp og avslutte oppgåver

Me tilbyr

- kr 20 000 som rekrutteringtiltak i tillegg til grunnlønn etter ansiennitet 
- høve til fagutvikling - med spennande arbeidsoppgåver der det vert jobba 
systematisk med kvalitetsutvikling for å skape ein kvardag for eldre, sjuke 
og funksjonshemma i kommunen
- ein arbeidsplass i utvikling og endring
- eit godt arbeidsmiljø
- samarbeid med nyoppretta fagutviklarstilling
- gratis bruk av treningsrom/styrkerom

Kvalifikasjonar

- du må ha autorisasjon som sjukepleiar
- søkjar må kunne dokumentere gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
- må ha førarkort

Løns- og tilsetjingsvilkår

Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
Tredelt turnus med arbeid kvar 3. helg
Det blir stilt krav om ny politiattest jfr. helsepersonellova.
Har du anna helsefagleg utdanning kan du søkje på vikariatet. Arbeidsoppgåvene vert då justert i forhold til kompetanse.
Rekrutteringstiltak med kr 20 000 ekstra vil ikkje gjelde her, lønn vert gitt etter tariff pr. 01.05.18.

Generell informasjon om søknadsprosessen

Aurland kommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Det betyr at vi kun tek imot søknader gjennom vår elektroniske søkjeportal. Dersom du treng hjelp til å søkje eller har problem med pålogging kan du kontakte oss på tel 5763 2900. Dersom du er tilsett i kommunen eller tidlegare har søkt på ledig stilling hjå oss vil du allereie vere registrert som brukar i systemet. For å få tilsendt passord må du klikke "glemt passord".
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette i elektronisk søknadsskjema og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.


N0pmmjcqckylvawn95f1

Aurland kommune

Søknadsfrist

søndag 2. september 2018

Kontaktpersonar

Marit Irene Aas Nesheim TittelAvdelingsleiar E-postmarit.nesheim@aurland.kommune.no Mobil95 98 46 41