Lærar ved grunnskulen i Årdal kommune

Me har ledig

Årsvikariat i 100 % stilling som lærar ved Farnes skule frå 1. august 2018.

 Arbeidsoppgåver

Stillinga er knytt til undervisning på barnesteget (småskulesteget/mellomsteget).

Kvalifikasjonskrav

Godkjend lærarutdanning, jfr. Forskrift til opplæringslova kap. 14. Me søkjer etter lærar med allmenne fag. Me oppfordrar menn til å søkje.

Den som vert tilsett må legge fram godkjend politiattest.

Personlege eigenskapar

Det vert lagt vekt på gode samarbeidsevner og evne til å skape gode relasjonar. Aktuelle søkjarar kan bli kalla inn til intervju.

Løn og tilsettingsvilkår

Stillinga vert løna etter læraren sine kvalifikasjonen, jfr. Hovudtariffavtalen.

2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.

Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

Me tilbyr

Eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte medarbeidarar.

 

Søknadsprosedyre

Trykk på menyboksen "ledige stillingar" på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no

Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.

Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.

Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.

NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.

Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Søknadsfrist    30.07.2018                                 Utlyst dato        11.07.2018                           Vårref                  958

Kontaktperson

Per Kristian Pedersen, Rektor, mobil: 90701139, Per.Kristian.Pedersen@ardal.kommune.no

L3zjnv2tinnhqxzh0wnw

Årdal kommune

Søknadsfrist

onsdag 25. juli 2018

Kontaktpersonar

Rektor Per Kristian Pedersen