Rådgjevar digitale tenester IKT Nordfjord

Nordfjordkommunane har ledig fast stilling (100%) som rådgjevar digitale tenester i IKT Nordfjord med tilsetjing så snart som mogleg.
Vi søkjer ein kunnskapsrik, engasjert og utadvendt person som skal bidra til at innbyggarar og tilsette får betre digitale løysingar. Rådgjevar for digitale tenester må kunne vise gjennomføringskraft og kunne skape gode relasjonar til dei rundt deg.
Stillinga er lokalisert på Nordfjordeid, saman med dagleg leiar for IKT Nordfjord. Eid kommune vil ha det formelle arbeidsgjevaransvaret.
IKT Nordfjord er eit samarbeid mellom kommunane Stryn, Hornindal, Gloppen, Eid, Bremanger, Vågsøy og Selje i forhold til utvikling og drift av digitale tenester. Samarbeidet omfattar også driftssenteret Nordfjordnett som er lokalisert i Måløy. Samarbeidet er organisert etter § 27 i kommunelova med eit eige styre.

For utfyllande info., sjå estern lenje i denne annonsen.

V5yyfm0ket22euvmownq

Eid kommune

Søknadsfrist

søndag 24. juni 2018

Kontaktpersonar

Tor Halvar Botnen