Prosjektstilling som Sosionom

 

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er ein spesialistinstitusjon innan fysikalsk medisin og rehabilitering. Senteret gir tilbod om rehabilitering for pasientar med behov for ei tverrfagleg og heilskapleg tilnærming i spesialisthelsetenesta.

Vi har driftsavtale med Helse Vest RHF om både dag- og døgnrehabilitering. Vi tilbyr rehabilitering ved kreftsjukdom, nevrologiske lidingar, CFS/ME, muskel-/ skjelettlidingar, hovudskade, hjerneslag, tinnitus/ Menières sjukdom, samt livsstilsendring ved sjukleg overvekt. Senteret har og tilbod om arbeidsretta rehabilitering for personar der tilbakeføring til arbeid/ utdanning er ei målsetting.

Det medisinsk faglege teamet består av legar, sjukepleiarar, fysioterapeutar, ergoterapeutar, sosionom/attføringskonsulent, idrettspedagogar, klinisk ernæringsfysiolog, helsefagarbeidar og logoped. Vi held til i Flekke i Fjaler, om lag 15 mil nord for Bergen.

_________________________________________________________________________________________________________________

Sosionom

Vi har følgjande ledig prosjektstilling retta mot arbeidsretta rehabilitering;

-          Sosionom i 100 % stilling i perioden 01.02.18 – 31.12.18

Arbeidsoppgåvene vil vere i grensefeltet mellom helse-, samhandling- og attføringsfag. Sosionomen sine oppgåver omfattar:

- individuell kartlegging og oppfølging

-  undervisning og motivasjons-/endringsarbeid individuelt og i grupper

- deltaking i tverrfagleg teamarbeid

-  samhandling med lokale aktørar som for eksempel arbeidsgjevarar, kommunehelsetenesta      og NAV

KVALIFIKASJONAR:

3 – årig høgskuleutdanning

Relevant erfaring

Må beherske norsk skriftleg og munnleg.

Gode samarbeidsevner, erfaring med tverrfagleg arbeid, evne til og vere fleksibel og personlege eigenskapar vert vektlagt. 

Det vil kunne bli stilt krav om framlegging av politiattest forut for tiltreding i stillinga jfr. Helsepersonelloven § 20a.

VI TILBYR:

• Arbeid med utfordrande faglege oppgåver i eit engasjert tverrfagleg miljø

• Varierte arbeidsoppgåver i eit høgt kompetent miljø

• Konkurransedyktige vilkår

• Eit godt arbeidsmiljø

Institusjonen er medlem av KS Bedrift.

OPPSTART:

01.02.2018

ArbeidsgJEVAR OG ARBEIDSSTAD:

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS

Haugland, 6968 FLEKKE

HEIMESIDE:

www.rkhr.no

Kontaktperson:

Personalleiar: Thor Grane

Telefon: 57 73 71 07

Søknadsfrist:

30. desember 2017

Søknad merkAST:

PROSJEKTSTILLING Sosionom

Søknad MED CV, ATTESTAR OG VITNEMÅL sendAST TIL:

ledigstilling@rkhr.no

W1bwahlnwbyuclwadfwz

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS

Søknadsfrist

30. desember 2018